Poenget er altså at ein må nemne den som har tagga ein sjølv (check!), skrive sju ting om ein sjølv, og ein må tagge sju nye. Eg skal gjere så godt eg kan, eg trur det verste må vere å finne sju bloggar som ikke alt har blitt tagga, men eg gjer eit forsøk: Bent, Dagfinn, Jørgen, Nete, Gesla (les: Kristian), Gerhard og Stine og Cato. Ok, så gjer eg eit forsøk på desse sju tinga, då:
- Eg er veldig glad i britiske kostymedrama,
- eg har åtte par Havaianas (rosa, raude, olivengrøne, smaragdgrøne, turkise, marineblå, knallblå, gule og gullfarga),
- eg har ein bronsemedalje i triatlon frå NM i 2006, til tross for at eg blei nummer 15 (tenk litt på den!),
- eg likar å stryke klede, berre ikkje skjorter,
- draumen min er å bli skribent på fulltid,
- eg grein då den lille tøykaninen blei avvist av ho lille jenta på slutten av Con Air og
- eg har sunge duett med Jens Pikenes.
1 kommentar:
Du milde måne. For et liv!
Legg inn en kommentar