25 april 2012

Knagg!

Det er godt mulig det er jeg som er i ferd med å bli gammal, mora mi er nemlig like oppgitt, men hvor vanskelig kan det egentlig være å sette opp en knagg på offentlige toalett?!?

Noen av oss har ikke lyst til å legge jakka vår på gulvet!

06 april 2012

Påskeferien

Eg må berre blogge eit par bilete frå påskeferien vår i Nordskjosbotn. Vi skulle berre vere der oppe frå sundagen til torsdagen i påskeveka, og var litt skeptiske til å ta med ski, vi hadde jo høyrt at det var litt skralt med skiføre. Men til sist gjekk vi i reddeforågåglippavnoko-modus og tok med fjellski. Ikkje angra vi heller, berre sjå på kva som venta oss i Tromsø:

Tromsø domkyrkje i aprilsol:
Busstasjonen på Prostneset har kan hende verdas finaste busstasjonsutsikt, i alle fall når Hurtigruten ikkje ligg til kai. Diverre kan ein ikkje seie at den lokal utsmykkinga står heilt i stil med Tinden og Ishavskatedralen på andre sida av sundet:


Då eg såg Balsfjorden liggje der blank og stille i strålande solskinn må eg vedgå at eg sakna Troms ganske så mykje. Det gjer eg eigentleg kvar gong eg er der.

Dei har hatt mykje skitvér i Nord-Noreg i år, men vi fekk tre praktfulle dagar. Den første dagen rakk vi berre å gå ein liten tur på Vollan, men måndagen gjekk vi frå Lakselvsdalshøgda og mot Lago. Slik såg det ut:

 Då vi kom heim hadde Ingrid laga middag til oss. Og for ein middag! Torsketunger! Vi heldt på å svime av av lukke alle tre, og gjorde heilhjarta forsøk på å ete oss forderva. Vi klarte det ikkje heilt, ikkje før Ingrid stilte opp med kaffimat...
 Tysdagen gjekk vi opp frå vassverkshytta og labba mot Gurgela. Det er ikkje ofte det er så stille på Storvatnet som det var denne dagen, og vi måtte faktisk kle av oss under lunsjen, for sola steika så godt. Tigern fann eit supert lite lunsjtre, det var berre såvidt vi fekk han med oss vidare.
Etter lunsjen labba vi vidare mot Gurgela, dette er Jokke Vinterkrigar på veg oppover mot Gurgela. 
Vi gjekk så langt at vi fekk sjå Piggtind skikkeleg. Han er verkeleg ein fin topp, eg har veldig lyst på ei erobring av Piggtind, men eg har lese Fire korstog til Piggtind, og har ikkje tenkt å halde pusten. Men ein kan jo draume. Sjå her: 

Vi måtte snu etter kvart, vi skulle nemleg innom Gjestestua for å ete boknatorsk før vi skulle vidare opp i Tamokdalen for å køyre hundespann. Takk til Tom Frode og Stine som fiksa oss eit flott spann og ein fin kveld! 

05 april 2012

Ventetid på Tromsø lufthavn

Siden været kom fra nordvest, med sedvanlige snøbyger, dro vi tidlig til Tromsø så Ingrid skulle få kjøre hjem før det blei for ille kjøreforhold. Sånt blir det tre timer på Langnes av...

Nå derimot et vi mer bekymra for om flyet fra hovedstaden kommer til å få lande her. Godt de selger både øl og sushi her!

03 april 2012

Påskeferie

Fantomet på vei opp vannverksvegen!

Riktig godt når det er så varmt at sjølv broka må av i motbakkene!