05 august 2013

Mummimamma og blomene

Eg har hatt ein Mummi-kopp med Lille My på heilt sidan studenttida mi, då eg fekk han som takk for å gje blod. Mange år seinare las eg dette vesle stykket om det årets sommarkopp med Mummimamma på: Tvitydig mummikunst.

Og eg blei så glad, at nokon kunne setje seg ned og skrive ein artikkel der dei analyserer (om så litt tongue-in-cheek) ein mummikopp! Det er så herleg nerdete at eg heilt sidan då har leita etter denne sommarkoppen. Og no fann eg endeleg artikkelen att, så no har eg lenka til han her på bloggen så eg skal finne han att når eg treng han.

Herleg.

(Ivar Aasen har 200 årsjubileum i dag - heia nynorsken!)