29 november 2010

Å ete eller å ikkje ete?

Er det berre eg som syntest det var ein litt merkeleg samansetning på programmet på NRK1 i kveld: først var temaet i Puls overvektige ungar, og så like etter kjem Hilde Hummelvoll pludrande inn i ruta med eit matprogram? 

28 november 2010

Eit tankekors?

Forrige tysdag fann eg, i rein gledje over å vere på Samlaget, ut at eg skulle omsetje valspråket mitt til nynorsk. De veit:

Jeg er ikke tilhenger av ubegrunna optimisme.

Det gjekk greit heilt til eg kom til optimismedelen:

Eg er ikkje tilhengar av ugrunna optimisme.

Nei, det såg ikkje bra ut. Det må då vere eit godt norsk ord for optimisme, tenkte eg, og grov Hellevik fram frå skapet. Men altså ikkje. Og det artige er at nynorsk kan skilte med to flotte ord for pessimisme, svartsyn og tungsinn, medan optimismen altså ikkje finst på nynorsk!

Eg kjenner meg så heime i nynorsken! Så får eg heller leve med at optimisme framleis er ein del av valspråket mitt.

Trommelommelommelommelomm!

Så var det altså på tide å skru saman det mykje omtale spisebordet vårt, og for å ikkje ende med å måtte ta det rundt huset og inn verandadøra, bestemte vi oss for å skru det saman der det skal stå. Legg merke til at håndkledet som skyddar bordplata mot fiendar på golvet. 

Dette er berre første samanskruinga, for det oppsto sjølvsagt eit par ekstra problem. Det hadde vi tenkt på, så vi skrudde ikkje så hardt i byrjinga.

Men så...

Vi har spisestue! 

 

24 november 2010

Teologi - tross alt en akademisk disiplin

Jeg hadde vel kanskje ikke trodd at Vål'engapresten Einar Gelius skulle få elge seg inn på denne bloggen også, men etter de siste ukers hurlumhei får jeg lyst til å kommentere saken likevel.

Kildene mine er klart tvilsomme, eller som elevene mine ville skrevet: hodet mitt. Det får stå sin prøve.

Jeg har bare lest utdrag av Skriften. Og som ikketroende medlem av Statskirken, kan jeg bare med inkompetanse uttale meg om Gelius' lesning av den. Det er klart, jeg blir jo generelt skeptisk til enhver som holder med Vålerenga, men jeg holder altså muligheten åpen for at fyren faktisk kan sine bibelvers, selv om Kvarme påpeker at Gelius ser ut til å svikte også der.

Men altså: det teologiske fakultet hører inn under Universitetet i Oslo, og selv om UiO ikke akkurat er noe Oxbridge, så er jo institusjonen preget av en rimelig seriøs holdning til sin vitenskapelige metode, også altså innenfor teologi. Og da lurer jeg på om denne Gelius har tenkt den tanken at hans sexfikserte lesning av Vulgata ikke fører til trøbbel fordi alle andre i den norske kirke er så himla pripne, men kanskje rett og slett fordi den er en av mange symptomer på at forhenværende sokneprest Gelius rett og slett er en under middels dugelig teolog?

20 november 2010

Travel haust

Det har ikkje vore så mykje blogging denne hausten, utan at det speglar korleis hausten eigentleg har vore, for det har skjedd ganske mykje.

Eg har jo vore på ny skule ihaust, på Rælingen vidaregåande. Rælingen er veldig annsleis frå Frogn, og det har eg merka særleg godt ved at eg ikkje har teamarbeida meg til daude, men så har eg heller ikkje hatt så mange å spele ball med. Og etter eit par månader på Rælingen har eg skjønt kva venene mine kvitrer om - det finst verkeleg ein del ekstremt IKT-konservative lærarar der ute...

Samstundes med at det alltid er mykje å gjere i ny jobb har eg drive med dette møbeloppussingsprosjektet, og det har hengt over meg til tider. Til sist gjekk Pappa og eg laus på dei med ein medley av kraftverktøy, og no har vi fire flotte stolar og eit bord som berre skal voksast og monterast. Det første som møter meg når eg kjem inn døra, er eit demontert bord. Første strøket med voks er på plass, eg ser slutten på prosjektet! Fint blir det også, sjølv om bordet skal få vere eit monument over finérens iboande jævelskap.

Den største endringa no framover er likevel at eg har fått meg ny jobb: eg har fått jobb i Samlaget! Eg har fått eit års engasjement som forlagsredaktør i RLE. Eg er alt i gang, er i Jens Bjelkes gate kvar tysdag, og etter jul er eg i gang for fullt. Det er kjempespanande, og eg er utruleg motivert til å gjere ein kjempeinnsats, og kan mest ikkje vente med å komme ordentleg i gang. Eg skal drive ein del med nettstadane, og det skal bli så bra! Eg har hatt lyst til å drive meir med nett sidan eg var med på Portal si lærarrettleiing på nett, så det her er midt i blinken for meg altså. Kom januar!