28 november 2010

Eit tankekors?

Forrige tysdag fann eg, i rein gledje over å vere på Samlaget, ut at eg skulle omsetje valspråket mitt til nynorsk. De veit:

Jeg er ikke tilhenger av ubegrunna optimisme.

Det gjekk greit heilt til eg kom til optimismedelen:

Eg er ikkje tilhengar av ugrunna optimisme.

Nei, det såg ikkje bra ut. Det må då vere eit godt norsk ord for optimisme, tenkte eg, og grov Hellevik fram frå skapet. Men altså ikkje. Og det artige er at nynorsk kan skilte med to flotte ord for pessimisme, svartsyn og tungsinn, medan optimismen altså ikkje finst på nynorsk!

Eg kjenner meg så heime i nynorsken! Så får eg heller leve med at optimisme framleis er ein del av valspråket mitt.

Ingen kommentarer: