20 november 2010

Travel haust

Det har ikkje vore så mykje blogging denne hausten, utan at det speglar korleis hausten eigentleg har vore, for det har skjedd ganske mykje.

Eg har jo vore på ny skule ihaust, på Rælingen vidaregåande. Rælingen er veldig annsleis frå Frogn, og det har eg merka særleg godt ved at eg ikkje har teamarbeida meg til daude, men så har eg heller ikkje hatt så mange å spele ball med. Og etter eit par månader på Rælingen har eg skjønt kva venene mine kvitrer om - det finst verkeleg ein del ekstremt IKT-konservative lærarar der ute...

Samstundes med at det alltid er mykje å gjere i ny jobb har eg drive med dette møbeloppussingsprosjektet, og det har hengt over meg til tider. Til sist gjekk Pappa og eg laus på dei med ein medley av kraftverktøy, og no har vi fire flotte stolar og eit bord som berre skal voksast og monterast. Det første som møter meg når eg kjem inn døra, er eit demontert bord. Første strøket med voks er på plass, eg ser slutten på prosjektet! Fint blir det også, sjølv om bordet skal få vere eit monument over finérens iboande jævelskap.

Den største endringa no framover er likevel at eg har fått meg ny jobb: eg har fått jobb i Samlaget! Eg har fått eit års engasjement som forlagsredaktør i RLE. Eg er alt i gang, er i Jens Bjelkes gate kvar tysdag, og etter jul er eg i gang for fullt. Det er kjempespanande, og eg er utruleg motivert til å gjere ein kjempeinnsats, og kan mest ikkje vente med å komme ordentleg i gang. Eg skal drive ein del med nettstadane, og det skal bli så bra! Eg har hatt lyst til å drive meir med nett sidan eg var med på Portal si lærarrettleiing på nett, så det her er midt i blinken for meg altså. Kom januar!

Ingen kommentarer: