24 desember 2011

Tristessekaktus

Denne kaktusen reagerer på tristesse i sin nærhet: begge de vårene Jokke satt hjemme i kåken på Bogerud og skreiv masteroppgave blomstra den, som for å muntre ham opp.
Den blomstra til jul de to åra jeg bodde i Nordkjosbotn og det var bekmørkt og snøløst, og nå er den i gang igjen, november, mørkt, snøløst og det regner og blåser.
Fiiine kaktusen sin!
(Den er litt humørsjuk også: den furta og nekta å blomstre da jeg flytta sørover, og i fjor da vi flytta til Solvegen var den også sur. Men nå, nå er den blid igjen.)

22 desember 2011

Ei løysing?

I desse smørkrisetider har Narvesen eit supertilbod!

07 desember 2011

Endeleg snø!

 Så kom det endeleg snø hit til Rælingen også, og eg valde å ikkje utsetje meg for NSB og Ruter i dag, og oppretta heimekontor. Men eit lite bilete av utsikta må ein ha med, dette er jo dokumentasjon. Om de klikkar på det øvste biletet kan de sjå ein kar som dreg dottera si (ungen har i alle fall rosa jakke, og då reknar eg med at det er ei jente) på akebrett etter seg. Det er litt kult, kor mange stader i verda transporterer folk ungane sine på akebrett?
På sørsida kan vi sjå kor djup snøen er, her er fotefara etter Jokke frå i dag tidleg, då han måtte kreke seg til bussen medan eg slo fast at heimekontor ville vere det einaste rette. Eg ser forresten at naboane mine over vegen, som ikkje har heimekontor men er pensjonister, har vore flinke og har måka, medan naboane min til venstre, som ikkje er pensjonistar, har like djup snø som eg. 
Så er det berre å håpe at det har vore kaldt nok i skauen til at myrene frys, så er det berre å glede seg til skiføret.