07 desember 2011

Endeleg snø!

 Så kom det endeleg snø hit til Rælingen også, og eg valde å ikkje utsetje meg for NSB og Ruter i dag, og oppretta heimekontor. Men eit lite bilete av utsikta må ein ha med, dette er jo dokumentasjon. Om de klikkar på det øvste biletet kan de sjå ein kar som dreg dottera si (ungen har i alle fall rosa jakke, og då reknar eg med at det er ei jente) på akebrett etter seg. Det er litt kult, kor mange stader i verda transporterer folk ungane sine på akebrett?
På sørsida kan vi sjå kor djup snøen er, her er fotefara etter Jokke frå i dag tidleg, då han måtte kreke seg til bussen medan eg slo fast at heimekontor ville vere det einaste rette. Eg ser forresten at naboane mine over vegen, som ikkje har heimekontor men er pensjonister, har vore flinke og har måka, medan naboane min til venstre, som ikkje er pensjonistar, har like djup snø som eg. 
Så er det berre å håpe at det har vore kaldt nok i skauen til at myrene frys, så er det berre å glede seg til skiføret.

Ingen kommentarer: