14 september 2014

Lånt turkamerat

Eg har fått låne meg turkamerat dei siste to dagane, eg. Eg går tur med ho for ei venninne, og det er riktig trivelig. Vi synest det er litt uvant og rart båe to, men mest er det triveleg.

Rapport frå heimekontoret

Eg hadde heimekontor på torsdag, men takka vere den utruleg dårlege Blogger-appen måtte eg skrive innlegget ein gong til, for den opphavelege har hengt seg opp. Here goes:

Katta synest det er stas med heimekontor, for då trur ho alltid eg skal stå på pinne for ho heile dagen. Det skjer jo berre delvis, og det synest ho er teit. Så då kjem ho av og til og minner meg på at det ikkje berre er meg i denne hushaldninga. 
Det er veldig vanskeleg å oversjå ho, som de ser, men eg har lært meg triksa. Då tok ho saka i eigne potar, og hjalp meg til å fatte at det er viktigare ting her i verda. Då eg såg kva ho skreiv, må eg seie at katta i alle fall har ganske godt vett. 
Eg syntest framleis det var litt tidleg på dagen, så eg skubba ho vekk for å komme meg litt vidare. Det blei ikkje teke særleg godt i mot, altså, så då var det berre å gjere det skikkeleg - lagre og stenge dokumentet for meg. Filnamnet ho valde kan tyde på at ho synest forleggeri er eit djevelsk innfall. 
Eg tok i alle fall eit hint, og meldte meg på fredagspils med gamle kollegaer, om ikkje dette er eit teikn så veit ikkje eg. 

Smart katte. (Ho fekk sjølvsagt mat etter dette, og vi er godt forlikte, sjølv om ho syntest det tok lang tid før middagen kom på golvet.)

10 september 2014

Sci-fi

Jokke og eg var på fest førre laurdag, vi. I Ipswich. Jepp, Ipswich. Ipswich, England som amerikanarane ville sagt. På festen var det fotostudio, og tilgjengelege rekvisittar. Vifte litt med lyssabel og gønner, og vips! var vi brått i Avatar-land, gitt!

Kjære Garmin...

...kan de ikkje lage eit eller anna, same kva, som berre funkar som det skal?!

Utsikta frå busshaldeplassen min

Denne veka tek eg bussen til Lillestrøm i staden for å sykle. Om det kunne eg skrive mykje, men i serien av Ellen gjer ting ho ikkje kan skal eg prøve å vere positiv.

Eg tek bussen frå ein busshaldeplass som heiter Kurbadet. Eg veit ikkje om noko kurbad, men det er no det han heiter då. Og i staden for å bli dritirritert på at bussen no brått var forseina (det var han nemlig ikkje då eg dro heimefrå, i alle fall ikkje i følgje Ruter Reise-appen) såg eg meg rundt i hausten og tok dette fine biletet. Og så blei eg ganske glad!