14 september 2014

Rapport frå heimekontoret

Eg hadde heimekontor på torsdag, men takka vere den utruleg dårlege Blogger-appen måtte eg skrive innlegget ein gong til, for den opphavelege har hengt seg opp. Here goes:

Katta synest det er stas med heimekontor, for då trur ho alltid eg skal stå på pinne for ho heile dagen. Det skjer jo berre delvis, og det synest ho er teit. Så då kjem ho av og til og minner meg på at det ikkje berre er meg i denne hushaldninga. 
Det er veldig vanskeleg å oversjå ho, som de ser, men eg har lært meg triksa. Då tok ho saka i eigne potar, og hjalp meg til å fatte at det er viktigare ting her i verda. Då eg såg kva ho skreiv, må eg seie at katta i alle fall har ganske godt vett. 
Eg syntest framleis det var litt tidleg på dagen, så eg skubba ho vekk for å komme meg litt vidare. Det blei ikkje teke særleg godt i mot, altså, så då var det berre å gjere det skikkeleg - lagre og stenge dokumentet for meg. Filnamnet ho valde kan tyde på at ho synest forleggeri er eit djevelsk innfall. 
Eg tok i alle fall eit hint, og meldte meg på fredagspils med gamle kollegaer, om ikkje dette er eit teikn så veit ikkje eg. 

Smart katte. (Ho fekk sjølvsagt mat etter dette, og vi er godt forlikte, sjølv om ho syntest det tok lang tid før middagen kom på golvet.)

1 kommentar:

Unknown sa...

Bloggen din må bytte navn til «Tigrer og kampsport» 😀