25 mars 2012

Frå yr.no

Sett på yr.no sundag 25. mars. Ikkje verst! 
Siden eg ikkje er kjend for å vere tilhengar av ugrunna optimisme må eg få leggje til at dersom det er så tørt no, er eg redd sumaren må bli gørblaut for å halde årsgjennomsnittet normalt. Ville ikkje det vore typisk?

Vårstemning


Jammen er eg glad eg har ein liten hageflekk, altså, for sjå kva som møtte meg på veg inn att frå postkassa mi i dag tidleg:
I likskap med meg er dei ikkje så glade i å stå opp, og særleg ikkje når sola ikkje heilt har fått varma så mykje enda.

Litt seinare på dagen var dei mykje meir opplagte, og smilte stort til verda:
Blåveisen er forresten Akershus' fylkesblome, visste de det?

24 mars 2012

Lørdagsidyll

Å stå opp tidlig er ikke det samme som å være våken. Jokke og Tigern illustrerer dette nydelig.


Det viste seg seinere på dagen at dagens tema var mann i liggende positur. Etter en kjapp tur hos Mamma og Pappa der hovedaktiviteten var sløving i sola, kom jeg hjem og fant ut at det var flere som hadde fått den ideen. 

Og Jokke som grein på nesa i dag morges da jeg forsiktig lufta idéen om at det kanskje kunne være på tide å slepe fram solsenga. Dere veit, den som blei vannskada av alt regnet i fjor sommer. 

Snøft.









Men så, så fikk jo husets herre publikum, og da må man jo showe litt. Her er Jokke i dagens mest atletiske positur: 




Men det varte ikke så lenge:  

09 mars 2012

Ein nynorsk kampsong

Eg har kvia meg litt for å kaste meg inn i debatten om nynorsk sidemål. Ikkje berre har eg eit litt ambivalent forhold til sidemålet sjølv, samstundes som eg er redd for at nynorsken skal døy dersom sidemålet blir vekke frå norsk skule. Vidare går eg gjerne i tog for å redde nynorsken, nynorskbrukarane sin rett til fagbøker på nynorsk og at offentlige dokument skal vere på båe målformer. Men det er så mange andre som hever røysta si og seier det eg også meiner, så eg har stått på sidelinja til no.

Men så:


Herleg, altså!

Eg kjenner det mest snører seg i bringa når eg tenkjer på at nynorsken kan døy. Etter å ha komme over austlandsfordomane mot språket, blei eg for alvor glad i nynorsken som sakprosaspråk. Dei fleste vil vere med på at nynorsk er eit godt poesispråk, og det kan ein vere samd i, men eg likar det aller best som sakprosaspråk. For å skrive godt nynorsk må ein skrive godt norsk, ein kan ikkje gøyme seg bak lange, kronglete setningar og anna bomull. Og for å skrive klart, må ein tenkje klart, ei klar utfordring.

Eg vil ikkje miste variasjonen det gjer meg å kunne bruke både bokmål og nynorsk. Eg brukar båe målformer, og dermed får eg eit enormt register å spele på. Eg er etnisk bokmåling, eg skriv opprinneleg konservativt bokmål, rett nok innafor det Bokmålsordboka tillét, eg er ikkje på Riksmålskøyret. Og takk for det, snakk om å sitje fast i fortida. Dialekta mi ligg ein stad mellom radikalt bokmål og bokmålsnær nynorsk. Tigern skriv om lag slik eg pratar, om det skulle seie dykk noko. Dermed brukar eg raddisbokmål når eg skal vere uformell, og bakstreverbokmål når eg skal vere formell. Eg skriv eit nynorsk som opprinneleg var nordnorsk, det var min måte å ta med meg språkrikdommen nordfra. No skriv eg nok ganske tett opptil den interne Samlagsnormen, altså ei ganske moderat utgåve. Eg synest det er heilt fantastisk å ha ein slik målrikdom!