20 juni 2016

På slektsgarden

 

I byrjinga av mai var eg på jobbtur til Stavanger, og heldig som eg er blei eg invitert til å bu på slektsgarden Sandsmark på Heskestad. Det er tremenningen min Gro-Tove som bur der no, saman med sambuaren Eivindur. I følgje Gro-Tove må eg ha vore 17 år (eg dreiv visst og øvingskøyrde) førre gong eg var der, så det var på tide, det er over halve livet mitt sidan sist!

På veg til Sandsmark drog vi innom Holmane for å helse på Gerd, mor til Gro-Tove, og det var heilt nydeleg å vere tilbake der. Eg hugsar plassen så godt frå førre gong, og det er ein så fin plass:

2016-05-09 17.19.53

Etter å ha fått is og kaffi reiste vi vidare til Sandsmark. Eg fekk til og med bu på det same rommet som eg budde på førre gong, og vertane diska opp med elgsteik og raudvin. Sandsmark sto for utsikta.

2016-05-09 19.31.31

Og islandsk popcorn med lakris!

2016-05-09 21.58.12

Eg håper ikkje det blir så lenge til neste gong.