04 januar 2009

Godt nyttår og takk for det gamle!

Eg brukar jo vere meir negativ enn positiv, men i år trur eg at eg får problem med å komme i nærleiken av like mange nedturar som oppturar, i 2008 har eg netto vunne høgde. No veit jo eg av røynsle at ein skal tape like mange høgdemetrar som ein skal vinne, så det er vel berre eit spørsmål om tid før eg treff bakken igjen med eit brak. Sjå der, der klarte eg å vere negativ likevel - snakk om å ha talent. Men, attende til oppturane, og her må eg berre få gje ei skryte-åtvaring:
  1. Eg blei ferdig med nordisk grunnfag. Elendige karakterar, men eg er ferdig.
  2. Mont Blanc erobra saman med Chief Midget.
  3. Seigmann gjennomført seint men i god stil. Og med gresseleg vondt i ryggen, men skitt au.
  4. Eg blei godkjent breinstruktør I.
I tillegg til desse triumfane har eg vore med på mykje anna som berre har vore gøy eller triveleg:
  1. Vinterferien hos i Nordkjosbotn, med fullpensjon og triveleg selskap hos Ingrid.
  2. Eg har blitt med i IF Frøy.
  3. Tur til Demmevasshytta med Jokke.
  4. Brekurs på Demmevass saman med Thor, Åke og Mari.
  5. Dagar på Finse med Sheri.
  6. Sumardagar på Myrdammen med Mamma og jentene til Kari.
  7. Instruktørkurs på Demmevass i august - utruleg tøft, men kjempeartig!
  8. Tur til Falketind med DNT Ung - mitt første føraroppdrag!
  9. Haustferien på Øvresaga saman med Mamma.
  10. Weekend break med Jokke på Hvalerbo i november.
  11. Kolleger som Sandra, Anne, Marianne, Erik, Inger Hilde, Morten og Kristian.
  12. Eg fekk tølt ein gong i romjula.
  13. Jula hos Mamma og Pappa.
Tru kva som skjer i 2009? Eg har brukt dei siste dagene no på å få gnagsår i dei nye skistøvlane mine, dei må vere klare til eg skal føre over Josten i mai. Vidare har eg booka meg inn hos Ingrid i vinterferien igjen, og ho har vel allereide begynt å rydde plass til alt rotet som følgjer. Treninga mi er utan mål og meining enda, all den tid dei la ned Stavern-tri og Seigmann. NM i langdistanse blir arrangert i Holmestrand 19. juli, men bestevenen min Hansi gifter seg dagen før, og eg trur ikkje eg er i stand til å gjere nokon god figur i ein halv ironman dagen etter noko slikt. Så eg ventar og ser kva som dukkar opp. Jokke skal køyre Norseman igjen, og då skal eg køyre følgjebil, ellers er sumaren utan planar. Jau, eg har tenkt å skaffe meg heilårslisens på sykkel, og skal gjere nokre ritt i år, det er ganske visst.

Godt nyttår!

Ingen kommentarer: