12 januar 2009

Midtvintersblot

I dag er det midtvintersblot etter gammal tradisjon, og då måtte vi feire. Vi ville eigentleg blote med blodmat (så passande!), men så hadde dei ikkje blodpølse, så då blei det berre pølse. Og øl, så klart, ingen bloting utan øl, veit de. Og i dag tok vi han heilt ut - ikkje berre blei det øl, det blei lettøl. Vanleg var trass alt å ta i, det er jo mandag i dag. Eg ser at det kan vere grunnlag for å seie at Jokke og eg er veldig trøytte, altså, eg ser det.

Ingen kommentarer: