22 januar 2009

Eit lite positivt innlegg om politikk

Sett dykk, det er ikkje så ofte eg er positiv, det er så keisamt. Men i dag har eg funne ut at eg skal seie noko positivt om regjeringa vår. Eg synest at han godaste Jens Stoltenberg berre veks og veks i desse krisetider, og eg tek meg i å kjenne meg trygg på at når han talar om økonomi så veit han faktisk kva han snakkar om. Det er ei underleg kjensle, men eg har altså rett og slett tiltru til statsministeren vår.

Ingen kommentarer: