26 januar 2009

Så har eg også blitt tagga

Denne tagginga har bredt om seg dei siste vekene, og eg har tenkt at det at eg har gått fri visst nok er eit teikn på at ikkje så mange les bloggen min. Men så kom Marita som lyn frå klar himmel, og here we go.

Poenget er altså at ein må nemne den som har tagga ein sjølv (check!), skrive sju ting om ein sjølv, og ein må tagge sju nye. Eg skal gjere så godt eg kan, eg trur det verste må vere å finne sju bloggar som ikke alt har blitt tagga, men eg gjer eit forsøk: Bent, Dagfinn, Jørgen, Nete, Gesla (les: Kristian), Gerhard og Stine og Cato. Ok, så gjer eg eit forsøk på desse sju tinga, då:
  1. Eg er veldig glad i britiske kostymedrama,
  2. eg har åtte par Havaianas (rosa, raude, olivengrøne, smaragdgrøne, turkise, marineblå, knallblå, gule og gullfarga),
  3. eg har ein bronsemedalje i triatlon frå NM i 2006, til tross for at eg blei nummer 15 (tenk litt på den!),
  4. eg likar å stryke klede, berre ikkje skjorter,
  5. draumen min er å bli skribent på fulltid,
  6. eg grein då den lille tøykaninen blei avvist av ho lille jenta på slutten av Con Air og
  7. eg har sunge duett med Jens Pikenes.

1 kommentar:

Ingunn sa...

Du milde måne. For et liv!