19 januar 2009

Avløysarord

Som de veit så er eg veldig glad i godt språk, og til å vere så glad i engelsk er eg kan hende overraskande purist. Eg likar ikkje å bruke engelske ord for alt mogleg, til dømes kan eg ikkje fatte kvifor ein skal snakke om teamarbeid når det heiter lagarbeid eller gruppearbeid på norsk. Skulle tru det blei så mykje finare om ein brukar det engelske uttrykket. Idiotisk er det. No, det var ikkje det eg skulle skrive om i dag. Nei, eg vil berre dele ei nettside med dykk. Språkrådet har nokre glitrande sider med det fengjande namnet sprakradet.no, og desse er rein glede for dei av oss som likar språk. Her finn du også ei side med avløysarord, forslag til ord ein kan bruke i staden for dei engelsk låneorda. Sida er bygga på tips frå publikum, altså andre språknerdar (ein "rar, uinteressant person" i følgje sidene om ungdomsspråk), og ikkje alle er like bra. Eg likar til dømes ikkje smudi, eller smoothie som det heiter på engelsk, det er artigare med heilt norske ord, og ikkje berre norsk staving. Av favorittane vil eg nemne motemolo for catwalk og ram-og-røm for hit-and-run, samt meir innarbeidde variantar som snøggmat og målvakt. Det siste er det så lenge sidan eg høyrte at eg trur eg ville trudde det hadde noko med Noregs Mållag å gjere om eg hadde høyrt det no.

Ingen kommentarer: