07 februar 2010

Superduper helg!

No er det framleis helg, men eg kan likevel seie at det har vore ei super helg.

Fredagen innvia vi helga med å opne ei ny raudvinskagge til middag. Omnssteikt kylling og vin og godt selskap, sjølv om eg heldt litt igjen på vinen, eg skulle jo ta makspulstest på laurdag morgon.

Og så blei det laurdag og den tok til med køyretur til Bærum og Hurum, og så makspulstest og mjølkesyretesting. Det ble ein etterlengta oppmuntring, hadde O2-opptak på 57ml/min/kg og det var mykje betre enn eg venta. Men slitsamt var det, ja. Eg kjente godt at eg ikkje skulle trene så mykje meir den dagen.

På ettermiddagen åt vi graut, skrøyt av Jokke som hadde gått Østmarkrunden på ski snøgt som ein vind og endte med å vaske bil. Det var på tide, altså, den såg ikkje ut, men vi har problem med at vi ikkje kjem inn i bilen når det er kaldt, så eg har ikkje tatt sjansen på å vaske han no i sprengkulda. Håper det går bra no, har olja låsane og vi satte bilen inn på Bryn-senteret medan vi handla i går. Og på Bryn-senteret handla vi beige sengety, det må vere bra for husbonden som er så glad i beige, veit de.

I dag vakna vi til nybaka brød før vi gikk til Vangen og spiste vafler og kanelboller og drakk vørterøl. Eg var ikkje i form i det heile, eg starta litt slapp og endte opp kraftlaus. Men veret var nydeleg og på Vangen traff vi Martin og Irene og Håvard. Eg tryna ikkje, og eg var flink til å ikkje ploge i utforkøyringene.

Vel heime prøvde eg meg på rulla, og det gjekk mykje betre enn sist. No skulle det vel eigentleg ikkje så mykje til, men i dag klarte eg faktisk å ha båe henda på styret i fleire minutt, og eg trur det blei 20 minutt til saman. Litt av poenget var jo å få vent ræva til å sitje på sykkelen, og eg anar ikkje om eg hadde vondt i ræva medan eg heldt på - eg hadde andre ting å tenkje på.

Ingen kommentarer: