28 februar 2010

Høgdepunkta frå veka i Spania

No har vi jo blogga eit par innlegg frå veka, men eg tenkte eg skulle ta med nokre høgdepunkt og leggje ut dei beste bileta.

Det første biletet her er frå Sant Grau, eit kloster som sjølvsagt ligg på toppen av ein knaus. Dei har visst tenkt "nærmare deg, min Gud" desse munkane, for på kvar topp som har ein lang og bratt bakke opp til seg ligg eit kloster eller ei kjerke. Det fyrste biletet er meg på min dårleg tilpassa sykkel:

Dere tykkjer kan hende eg ser veldig sprek ut? Ja, eg gjer det, men det er fordi eg hadde spurta nedi bakken og hengt over styret ei ganske lang stund og dessuten ete ein sjokolade før Jokke tok dette.

Under ser de Jokke foran det før nemnte klosteret.

Her ser han from ut og freistar tenkje seg korleis det var å vere svolten støtt og dessutan måtte opp fleire gonger om natta for å be og arbeide. Ikkje rart ein ikkje kan sjå from og glad ut på same tid.

Kviledagen brukte vi i Girona, det er ein fin by, og det var godt å sjå noko litt skikkeleg etter å ha blitt utsett for estetisk kriminalitet i Lloret de Mar i fleire dagar. Katedralen i Girona er verdas nest største eittskipa katedral og er om lag tre gonger så svær indanfrå som den er utanfrå. Utruleg. Her er han:

Som de ser så ligg den også nært Gud.

Torsdagen dro vi på laaaaang tur, og her er vi på enda eit kloster nært Gud, men eg fekk vel aldri heilt med meg kva det hette her. Men blide er vi, for her er det ikkje så lenge til lunsj.

Lloret de Mar er fantastisk usjarmerande, og som eg har skrive før, så var sukkertøykjerka med brystvernet heilt klart det beste med Lloret de Mar. Men, kystlinja utanfor, altså Costa Brava, er verkeleg ei kystlinje å rope bravo for, berre sjå her:
Eller her:

1 kommentar:

Guy sa...

Herregud så deilig det så ut! Min Cannondale ble veldig misunnelig på den du sitter på ;-)
(synd at den var litt feiljustert da).
Jeg stiller gjerne opp som reise-fotograf/hjelpegutt på neste reise! Du kan bare legge meg inn i den ene sykkelkofferten ;)