26 februar 2010

Lloret de Mar - høgdepunkt

Ein må jo skrive eit og anna vent ord om Lloret de Mar også, og sjølv om det tok ei veke å kome på noko, så kom eg i alle fall på noko til sist. Fredagen avslutta vi syklinga til lunsj og tok oss ein liten vandretur i det eigentlege Lloret de Mar, altså den delen som er ein vanleg spansk småby og ikkje ein sprengharry Sydenplass. Og då gjekk vi til denne ei lita kjerke som tydeleg nok har vore der ei tid.

Eg liker kjerker med brystvern, altså, eg gjer det.

Jau, og kuplar, nemte eg det?

Det er noko ærleg og redeleg jålete ved å bruke så mykje tid og arbeid på å lage ei pen drikkefontene. Vatnet var klora forresten.

Til sist kom vi over ein sterk kandidat til prisen for beste gatenamn:

Ingen kommentarer: