25 februar 2010

Eg noterer...

...at eg er i ferd med å skjønne kvifor latinske damer visstnok ikkje et, men berre pirkar i maten. Etter å ha vore i ein spansk sportsbutikk og funne ei - 1 - teknisk t-trøye for damer er det i alle fall klart at det ikkje er meininga at dei skal trene...

Den tekniske trøya var forøvrig knallrosa og eg eig no eit eksemplar. Truleg må eg stappe ho inn i skapet over natta om vi skal få sove, ho er nemleg rosa.

Irene vil bli stolt av meg.

Ingen kommentarer: