30 juni 2009

Kvifor vil du deg sjølv så vondt?

Spørsmålet i overskrifta brukar å dukke opp kvar gong eg fortel at eg driv litt med turtriatlon. Som oftast høyrer eg eit lite innvendig "nnnnnghhh" når eg får dette spørsmålet - dei som formulerer spørsmålet sitt slik vil nok ikkje skjøne svaret mitt likevel... Men så av og til så tek eg meg tid til å svare skikkeleg likevel, det kjem litt an på kven som spør. Veka før Frøs var det min supre kollega Kristian som spurte, og eg syntest han fortente eit skikkeleg svar:

For det første, å drive med triatlon, eller toppturar for den saks skuld, handlar i første rekkje om å få løn for strevet, å oppleve meistring og å arbeide mot eit mål.

Då eg klarte å gjennomføre Seigmann i Stavern i fjor, var det eit mål eg hadde arbeidd målmedvitent mot i over to år. Første gong det dukka opp som eit mogleg mål var i 2005, trur eg, då fekk eg ein e-post frå Jokke. I temafeltet sto det "En hel pose seigmann" og i sjølve e-posten sto det "til triatlonpiker som gjennomfører". Og så var det lenka til heimesida til Stavern triatlonfestival. Men knærne mine har ikkje klart ein så lang triatlon før i fjor. I 2006-07 trente eg mot Seigmann, men måtte bite i den sure kamelen i mai, då klarte eg framleis ikkje å springe meir enn 20 minutt utan å få vondt. Det var utruleg leit å leggje ut det innlegget, men det var det einaste rette. Tusenvis av kroner og hundrevis av treningstimar seinare var det difor ein kjempetriumf då eg gjekk i mål i Stavern i fjor, utan smertar. Eller altså, det gjorde jo vondt i heile skrotten, men berre slitent-vondt, ikkje skada-vondt. Eg blir faktisk litt rørt når eg sit her og tenkjer på det!

Det store med den første halve jernmannen min var at eg hadde arbeidd så lenge mot det målet, og det var ikkje visst sjølv på dagen at det kom til å gå bra. Og her er eg ved kjernen - ein triatlon er den dagen ein får vite om innsatsen har vore bra nok, samstundes som ein må vere skjerpa under heile tevlinga dersom det skal gå bra. Og sjølv om ein er skjerpa heile tida er det ikkje visst at det går likevel - det er ein brutal sjekk på om ein er bra nok. Men heile tevlinga kan også vere ei einaste lang meistringsoppleving. Om ein har gjort ein bra innsats så blir ein faktisk betre, og det merkar ein gjennom heile tevlinga, samstundes som det er no det gjeld, det er no eg må vise at eg kan presse meg, det er no eg må bruke røynsla mi frå timar på sykkel, tevlingar og turar på beina. Det er ei stor utfordring, men det er opp til meg å takle ho! Det gjer vondt å springe etter å ha sykla, men likefullt er det ei fantastisk meistringskjensle å klare å presse fart ut av ein kropp som skrik etter å få leggje seg ned!

For å heve det heile litt opp frå triatlon, så handlar dette om å arbeide mot eit mål, og ikkje minst at gleda over å nå eit mål er mykje større når eg har slitt litt for å kome dit. Å nå eit mål som ikkje er noko vanskeleg å nå er jo ikkje noko mål! Vidare er det stas å nå mål som er nett i grenseland av det eg trur eg kan klare, og det er ofseleg spanande også. Samstundes så er det mange måter å ikkje nå målet på - ein kan kollapse og gje opp, eller ein kan satse på den klassiske engelske glorious failure. Det er vel inga overrasking at eg satsar på den ærerike fiaskoen, men eg meiner også at det å gå ned med flagget til topps, det er ein triumf i seg sjølv.

Eg ønskjer meg altså utfordringar, noko å arbeide mot, og eg vil ikkje ha ei påskjønning før eg har fortent det. Er det så merkeleg eigentleg?

4 kommentarer:

Guy sa...

Jeg tror du har tidligere sett mitt motto "When was the last time you did something for the first time?"
Passer jo bra her.
Enig med deg her, og syntes det er like rart hver gang jeg får samme spørsmål.

Oslofjord Triatlon sa...

En knusbra blogtekst! Jeg synes ikke sprøsmålet vi får er så rart, men svaret ditt er veldig bra!

Espen sa...

Det var et flott innlegg!

Ellen sa...

Takk, gutta!

Så triveleg at de likte det. Det som var artig var at det eg forklarte dette til kollegaen min så satt han igjen etterpå og kommenterte at triatlon høyrtes ut som ei utruleg kul utfordring - han skjøna det!