08 juni 2009

12 dagar

No er det berre 12 dagar igjen til sesongmålet mitt, Frøs triathlon. Det er ein halv jernmann, nett som Seigmann, men eg vil tru han er flatare. Eg kjenner at nervene er i ferd med å bli meir brysomme enn dei har vore før, og eg er redd det blir litt som i Enebakk rundt, altså at brått er dagen der og då er det berre å feste nummeret på seg og la det stå til.

Trøysta får vere at eg trass alt er i betre form enn i fjor, så om eg berre ikkje druknar skal det vel gå bra. Det som ikkje er bra er at eg knapt har hatt langturar anna enn Josten på langs. No er 11 timar med 23 kilo på ryggen ein bra langtur altså, men det har ikkje vore så mange av dei heller, og det er verre. Eg har fått så inn i hamp og staur vondt i ræva av å sitje på sykkelen i år, og det har gjort sitt til at dei verkeleg lange turane ikkje har skjedd. Eg får håpe det går bra likevel. No i dag har eg sprunge ein tur rundt Nøklevann med Guy, og vi målte vatntemperaturen til 15,5 grader. Det er bra, for eg treng sårt nokre turar i ope vatn.

2 kommentarer:

Inger Merete sa...

Flott å se kor god du er til å skrive nynorsk, men eg saknar hyppigare bruk av det beste adjektivet/adverbet i nokon av målformane våre: "Ofseleg".

Ellen sa...

Godt tips! Eg skal skjerpe meg.