15 juni 2009

Veterancup - Hurdalsjøen rundt

Det blei litt rart, det blei det: det var berre tre som starta i klassa mi, K30-39. Og då seier det seg sjølv at det ikkje var nokre andre som er på nybyrjarnivå slik som eg. Så eg mista dei andre med ei gong, det gjekk kjempesnøgt og eg sykla det meste av dei 48 kilometra aleine. Eg rakk å vere både oppgitt, frustrert, lei og litt trist på den tida. Det er ikkje så artig å vere så dårleg, det er ikkje det, samstundes som eg synest eg skal ha litt kred for å stille opp - dei fleste gjer jo ikkje det. Og dermed havna eg på tredje plass, sjølv om eg kom inn 22 minutt etter dei andre. Poeng og ein glasdings fekk eg óg.

Men, det er litt trist at det er så få som møter opp. Det er jo mange jenter der ute som er både betre og dårlegare enn meg, og vi ville blitt så mykje betre om vi var fleire. Fellesstart krev røynsle og trening, og ein blir jo ikkje noko betre av å liggje aleine i 40km, då kan ein like gjerne køyre ein tur for seg sjølv. Billegare er det også. Nett no er eg litt lite motivert til å halde fram med syklinga, men det er vel lov å håpe at treninga vil gje ein effekt på eit eller anna tidspunkt.

Ingen kommentarer: