11 februar 2009

Tidlege kvad

Eg har lagt til nokre tur- og treningskvad frå før eg eigentleg byrja å skrive blogg. Eg kjem til å gjere det, for eg har både gode historier og flotte bilete å leggje ut. Førebels har eg lagt ut eit kvad om Russetindsovernattinga i juli 2006, ein fantastisk tur eg vil hugse til eg døyr, og tevlingskvadet mitt frå Busemann same året. Det var responsen eg fekk på tevlingskvadet mitt frå Busemann som opna augo mine for at eg faktisk er litt flink til å skrive. Sjølveste Ingrid Russøy skrøyt av det, og ho lirar ikkje av seg kompliment om det ikkje ligg tyngde bak.

Ingen kommentarer: