09 februar 2009

Snøfall!


Eg har vore heime hos Mamma og Pappa i Rælingen i helga, med store planer om å gå på ski. Men for det første så var eg sjuk, for det andre kom det så mykje snø at det er berre å draume om at dei skulle rekke å preparere løypene i Rælingsskauen. I dag dro Jokke og eg heim til Stallerudveien, sjuke og misnøgde med det, men først tok Jokke eit par bilete av snømengda. Dette er mykje snø til å vere på austlandet, altså. Eg slo snø av ei buske i går, og då vassa eg i snø til hofta.

Ingen kommentarer: