05 februar 2009

Det vonde imperiet, del IV

Eg hatar alt som kjem frå Det vonde imperiet, særleg Ordet. Ordet er rein vondskap, kledd i ei drakt av brukarvenleg utsjånad. Eigentleg så er dei all DDSEHDF (eng. WYSIWYG) eit mareritt, anten dei kjem frå opne kjelder eller frå Det vonde imperiet. Difor har eg lært meg å bruke LaTex /latekj/ når eg skal skrive noko som eg bryr meg om at ser bra ut når det er ferdig.

God typografi gjer ein avhengig. Og nett difor er det no utruleg deilig å ha LaTexEditoren innstallert på datamaskina. Igjen kan eg satse på å få tekstar til å sjå ut slik eg hadde tenkt før Det vonde Ordet fekk dille med det.

Det var berre det.
Blogged with the Flock Browser

Ingen kommentarer: