22 februar 2009

Vinterferien 2009















Eg har nett komme heim frå vinterferie på Nordkjosbotn. Vi lærte i fjor at det var lurt å bo hos Ingrid, så eg hadde tinga meg inn hos ho i år også. Jokke har fått hovudfagsinnspurt, så han var att heime, men Tigern og eg lot oss ikkje stogge.

Tiger har skrive om at vi har vore sjuke, og det er vi framleis, Jokke litt verre enn meg. Og sjuke var vi begge forrige søndag også, då eg satte meg på flyet nordover. Eg hadde no tatt med meg to par ski likevel, Martin hadde sladra om at det var dårlege skiforhold.

Og det var det.

Ikkje at det hadde så mykje å seie for meg, eg var jo sjuk likevel, eg. Så det blei mykje artikkelskriving med Ingunn og Marianne, eg skreiv ein med kvar av dei, og det var artig, for vi skreiv alt over veven, og det er jo ikkje kvar dag ein gjer det. Eg har dessutan aldri truffe Ingunn, eg berre les bloggen hennar. Den er veldig bra forresten. Ein annan god ting ved å ikkje kunne vere på ski var at eg fekk snakka med alle dei gamle kollegaene mine frå Nordkjosbotn, Eli, Odd-Arne, Trond, Inger Lise, Arlene, Elna, Werner, Ingunn og Martin, og eit par nye, Randi og Niels Petter. Det var artig.

Sidan eg ikkje var på ski, gjekk eg ikkje og la meg klokka ni slik vi gjorde i fjor, og det har sine positive sider, då får ein nemlig tid til å sjå på Poirot. Så passande då at Ingrid hadde ein boks med tre Poirot-filmar. Dei såg vi, alle saman, og det var utruleg triveleg. Eg er jo så glad i britisk krim, så det var heilt topp. På torsdagen såg vi den siste filmen medan vi feira soldagen og bursdagen til Tigern, ei veke for tidleg. Ingrid laga kakao og boller, og den eine bolla hadde særskilt tiger-pålegg:














Eg fekk sjølvsagt sjekka at skiføret var like daudtrist som eg hadde høyrt. Onsdagen kreka eg meg opp til hytta ved Storvannet for ein god gamaldags Nesheim-overnatting med ankerdram og øl og fenalår. Og stiv kuling, det høyrer liksom med, det. Det var knallhardt føre, så hardt at eg faktisk snubla eit par gonger, av di skia mine stoppa i snøkantar, i staden for å skli gjennom. Vi hadde eigentleg tenkt oss til Pertind dagen etter, men det var inga vits, det var ikkje eit snøfnugg igjen der oppe. Og turen ned var skikkeleg kjip - eg var glad eg hadde hjelm!

Fredagen gjekk eg frå Lakselvdalshøgda til den lille toppen med trimboka på. Eg måtte setje frå meg skia på nedsida, og banke bindingane ned i snøen for at dei ikkje skulle fare avgårde. Det var umogleg å gå på skia, det var blåst struktur i snøen, og eg fekk ikkje nok av fellane ned i bakken til at eg ikkje sklei. Så eg tok med meg stavane og sparka meg trinn heile vegen til toppen. For turen blei eg belønna med alle gnagsårs mor (eg hadde gløymt sportsteip) og ein signatur i boka. Jau, og så fekk eg skrive inn Tigern på påsketuren vår for to år sidan, den som skreiv oss inn hadde ikkje skrive inn det lille dyret.














Fredagskvelden var det møljekalas, treng eg seie noko meir? Fantastisk som alltid, eg prøvde å ete meg i hjel, men eg er visst meir hardfør enn ein skulle tru, enda eg verkeleg trudde eg skulle klare det denne gongen. Eg kjem nok attende neste år også, i alle fall til Ingrid, så får vi sjå om dei klarar å leggje møljekalaset til rett veke neste år også?
Blogged with the Flock Browser

Ingen kommentarer: