03 februar 2009

Nytt mål, ny meining

Då Stavern blei nedlagt sto eg brått utan mål, og dermed utan meining med treninga. Det har plaga meg, eg har slitt med motivasjonen for å trene kondis, det har vore så mykje trivelegare å trene inne med Kristian. Og det er jo ikkje så dumt i seg sjølv, eg er laga for å fart og styrke og det er litt deilig å trene noko som går litt bra sjølv om eg ikkje slit så mykje.

Men i går kom eg over Frøs triatlon i Danmark. Datoen er 21. juni, to dagar etter at eg får sumarferie, to veker tidlegare enn Seigmann var, og Jokke vil vere med han også. Brått har eg eit mål, eit heilt konkret mål som eg skal jobbe mot, og eg kjenner motivasjonen komme, og det er så stas!

Planen no er å gjere ferdig det RYP-programmet som eg driv med no. Så er det ei veke i Nord-Noreg, og då håpar eg på så mange timar på fjellet at eg kan få litt mengdetrening ut av det. I dei neste seks vekene fram til påske er planen å køyre intensitet, heilt til høva blir slik at eg kan ha ei reell moglegheit til å få opp mengda. Samstundes blir det no fullt kjør på spinning, i morgon dreg eg på nattspinning med Frøy. Dracula (og eg snakkar om boka, det er ikkje ei nedsetjande vending eg brukar om sambuaren...) ventar på meg i sofaen heime om eg ikkje får sove etter treninga. Eigentleg er det jo slik at om eg ikkje søv etter nattspinninga på onsdagar, og det gjer at eg får lest masse god skjønlitteratur i tillegg til å få trent, så er det ein vinn-vinn-situasjon!

Som de skjønar er eg topp motivert no, og då var det enda artigare at det sto ei heilt ny tredemølle i treningsrommet på skulen i dag! Eg har verkeleg sakna mølla, er så greit å springe intervallar på ho, så det her var positivt, hadde eg trudd på slikt ville eg nok sagt at det var eit teikn...

Blogged with the Flock Browser

1 kommentar:

Jokke sa...

Og denne lille vampyren vil være å finne i bingen når du kommer tilbake. Sovende.