30 juli 2006

Overnatting på Russetind

"Ka i all verdn skal dokker gjør det førr?"

Det verka ikkje som ein god idé med ein gong, i alle fall ikkje når vi lufta han for Maria, men det gjorde jo ikkje Martin mindre gira. Så då drog vi avgarde, då, Martin, Jokke, Tigern og eg, målet var Russetind, vi skulle overnatte, og grunnen var at vi liksom skulle sjå om vi kunne rekke siste rest av midnattssol.
Sumaren hadde endeleg komme til Nordkjosbotn. Etter tre utruleg blaute dagar på Senja hadde Jokke og eg vore på Russetind og Otertind, så laurdagen kvilte vi. Det var verkeleg ein fantastisk dag, sola skein og det var varmt og godt. Så varmt at flugene trua med å drive Martin til vannvidd, men der i garden sit jo vetet laust, så det seier kan hende ikkje så mykje når eg tenkjer meg om.

På vegen opp leikte eg litt med makroen min:
Fordelen med å gå lenger og lenger opp i lia er at ein får med seg solnedgongen fleire gonger. Vi fekk aldri med oss noko midnattssol, men vi fekk med oss tre solnedgongar. Dette er den første:
Natta blei kald for min del. Vi hadde lagt oss slik at Martin som hadde den største soveposen skulle ligge mot vinden, Jokke skulle ligge i midten, og eg skulle ligge i ly. Presenningen vi hadde med oss rakk ikkje over oss alle, så eg lå litt utanfor. Men det skulle ikkje gjere så mykje ei varm julinatt i ly. Planen var god, men tok ikkje høgde for at vinden skulle snu. Så eg lå som vindfang i den tynnaste soveposen utanfor presenningen. Eg sov ikkje så mykje, anna enn på morgonsida, for då kom sola og varma meg. Men å vakne på 1403 meters høgde i strålande sol og sjå utover, det er ein av dei største naturopplevingane eg har hatt. Her er dei fire høgdesovarane:
Frå Russetind kan ein sjå det meste av Lyngen, men eg var i alle fall mest oppteken av å skue bortover mot Otertind. Otertind er ei av dei største erobringane mine, og eg har sjeldan vore så redd som då eg kreka meg opp dit. Og då følgjer logisk at eg sjeldan har vore stoltare heller... Her kan de sjå den store renna til venstre for fortoppen, det er vegen opp:
Sjølv Tigern var imponert over kor god utsikt han fekk til reviret sitt. Dette er teke austover, det er breen mellom Russetind og Markenestind ein såvidt kan sjå i høgre biletekant.
Skal vi vere ærlege så var vel eigentleg Tigern mest oppteken av ein artig liten stein med eit hol som var om lag så stor som snuta hans, og som han dreiv mykje med. Vi andre synest dette biletet viser kor stor nase han har, men det har vi ikkje sagt til Tigern, han har så lite humoristisk sans når det går utover han. Han seier vi ville ha skjøna han om vi menneske hadde på noko måte skjøna oss på verdig framferd.

Vegen ned er alltid mykje enklare og mykje snøggare enn vegen opp, eit par snøfelt og vips! så har ein mista mange høgdemeter. Her er det Jokke som demonstrerer glissade med stil. Legg merke til korleis han brukar armane for å få betre balanse.

Ingen kommentarer: