28 mars 2009

Ytringsfridom

Verdas ytringsfridomsdag var den 12. mars, og då blei vi bloggarar oppmoda til å skrive om ytringsfridomen. Eg rakk det aldri då, men dei siste vekene har eg tenkt ein del på ytringsfridomen, og på kor viktig den er for samfunnet vårt.

Forrige måndag kom eg over ei lenkje til Moltemyr skule i Arendal, og til ei side som skreiv om vitskap og kor lite viss vitskapen var. Litt ned i artikkelen luftar forfattaren tanken på ein mogleg designar. Her siterer han vitskapsmannen Michael Behe som ein representant for at det er seriøse tankar han skriv om. Problemet er berre at Michael Behe er så diskreditert i vitskapsmiljøa rundt om på den snart mørklagte kloden vår at han har ein offisiell "disclaimer" på profilsida si på Lehigh University... Det er greit å meine at DNA er for komplekst til at det kan ha komme til ved mutasjonar, men å føye til ein guddom er i alle fall far fetched. Eg er ikkje religiøs, eg trur ikkje på Gud, eg trur på den vitskaplege metoden. Men eg meiner av heile mitt hjarte at alle dei som meiner det motsette av meg skal og bør får ytre seg. Eg meiner at hårreisande påstandar berre kan slaktast ved å gå i mot dei på sak, ikkje ved å hindre dei å komme fram i lyset. Om motstandarane til Behe, berre for å bruke han som døme, ikkje klarar å argumentere mot han, då er det faktisk motstandarane som har eit problem, og då bør ein kan hende vurdere å høyre på kva fyren har å seie?

Det same gjeld David Irving. I fjor inviterte Norsk litteraturfestival David Irving. Det blei bråk såklart, fyren er jo om lag like populær som paven, og Tore Renberg gjekk blant anna ut og karakteriserte Irving som ein forbrytar. Ok, Irving har sitte i fengsel for påstandane sine, men han har faktisk sona ferdig. Saka endte med at leiaren for festivalen måtte trekkje seg, blant anna etter å ha komme med feeble orsakingar som at "Irving var interessant for festivalen som sannhetsfornekter og historieforfalsker". Herregud for eit ryggradslaust pjatt. Kva slags samfunn er vi i ferd med å skape dersom ein ikkje tør å møte folk som er så til de grader ute å køyre som det David Irving er, for så å knuse han med faglege argument? Han må knusast med fag, ikkje med personåtak! Eg kjenner at eg blir litt redd for kva som er ferd med å skje med samfunnet vårt når vi ikkje tør å møte kontroversielle typar som David Irving til åpen dyst.

Ingen kommentarer: