08 mars 2009

Gratulerer med kvinnedagen!

Så var det kvinnedag att, og eg har surfa litt på veven for å sjå kva for parolar som var dei største i dag. Og eg fann dei altså ikkje, i dag blei kvinnedagen borte i Sara Azmeh Rasmussens hijab-brenning, så det kan ikkje ha vore så mykje spanande der konkluderer eg. Eg kjenner meg aldri heilt igjen i desse kvinnedagsparolane, eg. Eg er ikkje mot porno, eg meiner, det ville vel vore bra dumt å gå i tog mot porno, når det er den einaste bransjen der kvinner faktisk tener meir enn menn. Ok, så ser eg at ein kan vere mot porno om ein samstundes går under ei "likeløn no"-parole, men av ein eller annan grunn trur eg liksom ikkje kvinnedagen ville blitt brukt for å tale mannlege pornostjernars sak. Kall meg gjerne forutinntatt, altså. Nei til EU brukar vere med, eg har aldri skjøna heilt kva det har med kvinnedagen å gjere, men det er mykje eg ikkje skjønar. Så er det den klassiske med at horekundar skal bli kriminelle. Ja, den er vel ute i år, då, ettersom vi har fått forbod mot kjøp av seksuelle teneste. Eg fattar ikkje kvifor nokon vil gå i kø for noko så urealistisk heller, eg. Så er det hijab, likeløn og vald mot kvinner. Jau, eg kunne gått under ein parole om å ta vald mot kvinner alvarleg, men hijab? Nei, den kampen får dei ta dei som har problemet.

Så var det denne likeløna då. Problemet med likeløna er vel eigentlig at kvinner vel dårleg løna yrker? Og med halve arbeidsstyrken på trygd, korleis skal ein då få auka løna til omsorgsyrka? Det går ikkje, kvinner må velje andre yrker dersom dei vil ha likeløn, ellers er det rett og slett ikkje nok pengar i statskassa til å gje kvinner likeløn. Samstundes er det eit stort problem at folk, både menn og kvinner, absolutt skal få med seg alt. Det seier seg sjølv at når folk skal ha både hus, hytte, ungar og bikkje, så får dei eit tidsproblem. Og når kjerringa i huset har vald å vere hjelpepleiar medan han er ingeniør, så ville det jo være rein idioti å la han gå i 80% stilling, ikkje sant? Viss du med opne auge går inn i hjelpepleiaryrket, ja då vel du låg løn, slik er det berre. Det same kan ein seie om meg - når ein er så tjukk i hovudet at ein studerer humanistiske fag, ja då vel ein i praksis lærarjobb, og det blir ein ikkje rik av. Men det visste eg jo då eg byrja studere, eg har ikkje blitt halde nede av nokon, eg har drite meg ut heilt sjølv. Og det er eg faktisk utruleg glad for, eg bur i eit land der eg kan, sjølv om eg har livmor, få styre livet mitt sjølv. Det er gull verdt.

Så kan ein lure på då, kvifor vel kvinner desse dårleg løna yrka? Ja, det er ikkje så godt å seie, og eg har ikkje så mykje å kome med her. Sjølv testa eg livet på sjukeheim, og eg hata kvart sekund. Eg eig jo ikkje omsorgsgener, så det var klart at eg ikkje hadde noko der å gjere. Og dermed kan eg ikkje seie noko om kordan det kjennest for dei som har det og som kunne velje noko slikt heller. Derimot kan det hende at jenter har dårleg sjølvbilde, og at dei synest det er vanskeleg å velje utradisjonelt. Det er vel kan hende slik at dersom ei jente ikkje er så skuleflink og ho skal velje ei yrkesfagleg linje, så er vegen kort til helse- og sosialfag, medan gutane vel elektro- eller mekanikarfag, yrke som er mykje betre løna og dessutan hovudsakleg i det private næringslivet. Og då er vi attende til at det offentlege ikkje har råd til å auke løna for omsorgsyrka. Jaja, sånn går no dagan.

Ein annan tendens som derimot irriterer meg grenselaust er kor mange tenåringsjenter som går rundt som pyntedokker, mykje meir opptekne av å ha nyspraya hår enn å bruke hovudet til noko anna enn å gje hårsåta form. Livredde for å ikkje vere på ein prikk lik venninna, og utan initiativ til anna enn å pudre nasen. Ein skjønar jo teikninga, les ein moteblader ser jo halvparten av modellane ut som dei knapt kan opne ei dør. Eg har høyrt at ein kan bokstaveleg bli dum om ein ikkje får i seg nok næring i oppveksten, og ein del av dei modellane ser verkeleg ut som dei har sulta vekk hjernekapasiteten sin, QED. Og det provoserer meg, både at dei er så tynne, og at dei ser så dumme ut. Eg synest modellane godt kan ha lite feitt på skroget, men dei bør ha musklar og sjå sunne ut. Og eg synest dei bør sjå smarte ut også, eg blir då ikkje inspirert til å kjøpe klede eller til noko anna heller for den saka si skuld av å sjå på svakelege kroppar og tanketomme blikk? Det synest eg er ei god parolesak:
Dugande venleiksideal no!
Gratulerer med dagen, då, alle de kvinner der ute!

Ingen kommentarer: