Eg har vore på ski både i går og i dag, og det var på tide. No har eg vore sjuk tilsaman nesten tre veker, og det midt i det beste skiføret som har vore i Oslo sidan eg flytta hit sist. Utruleg frustrerande har det vore, men i går kom eg meg ut på tur, eg gjekk mot Mariholtet. I dag gjekk eg over Øgarden og til Smørhullet, deretter til Grønmo og heim. Den siste beten der var ganske keisam, det må eg få seie. Men det var så herleg å gå på ski! Jokke seier at dette blir vinteren der eg må lære meg å like klisterføre, men kjenner meg ikkje så viss på det.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar