29 mars 2009

Earth Hour

Klokka halv ni i går kveld skrudde vi av alt elektrisk lys i heimen. Fram med stearinlys og raudvin.

Det blei jævlig mørkt.

Det mest slåande var likevel at det meste av det lyset som var i kåken medan lysa var av, kom utanfrå, frå gatelysa utanfor. Vi har kjøpt billige telys på Rimi, og vi fann ut kvifor dei var billige - dei brann nemleg knapt, men vi trøysta oss med at dei i alle fall ikkje produserte så mykje karbondioksid i alle fall. Ein liten tur ut viste at det såg ut som om det var ein del som skrudde av lyset, det var i alle fall mange mørke vindauge.

Er det nokon vits i slike kampanjer? Tja, tjo. Eg er vel ikkje så naiv at eg trur det tyder så mykje, men på den andre sida er jo alle nøydd å ta fatt med seg sjølv først, og om mange gjer det same har det jo ein effekt. Og eg trur faktisk det kan vere med på å gjere folk litt meir medvitne om kva dei driv med, samstundes med at det er eit signal om at ein bryr seg.

Ingen kommentarer: