Dei siste dagane har vi hatt nokre flotte nordlys over Nordkjosbotn. På tysdag fekk eg se nordlys fra stua mi to gonger, og det har nesten aldri skjedd før, i boligfeltet der eg bur er det som oftast for mykje kunstig lys til at nordlyset kan sjåast. Det var litt spesielt å komme ut døra på vei til sjappa og sjå rett opp på nordlyset. Og typisk nok så er dette den uka Mamma skulle vore her... Biletet tok eg litt seinare på tysdagen, etter at eg hadde gått gjennom skauen heim med nordlyset som einaste lyskjelde - det var kult! Biletet til høyre er det aller første biletet eg har tatt av nordlys som eg har sett resultatet av! Eg er veldig stolt!
Men i går var det eit enda betre eit. Martin og eg labba til fjells ved halv åtte-tida, da var det allerede ei grønn lysstripe på himmelen. Den var skikkelig sterk, lyste nesten som måneskinn. Litt som da vi gjekk til Gappo i haust. Det er ganske eksotisk for en søring som meg, å gå på tur i lyset frå sola. Om natta. I vinterhalvåret.
Var pigg og fin i kroppen, til tross for innebandy-økta tidlegare på dagen (eg var forresten VELDIG flink, og skåra MANGE mål, sikkert over ti!), og all snøen som kom forrige veke hadde blitt til skare, så det var lett og fint å gå. På toppen meinte Martin at vi burde ta av fellane, og det gjorde vi. Eg burde ha vore usamd med han og protestert, for det blei frykteleg bakglatt! Men vi kunne jo ikkje gje opp, så vi braut på. Godt eg har lært tyngdeoverføring.
Det var på veg tilbake at vi såg det flotte nordlyset. Det dekte heile himmelen, og var raudt og grønt. Etter tysdagens nordlysfotografering var det litt surt at eg hadde lagt igjen kameraet til lading, men eg ville ikkje visst kor eg skulle fokusere uansett, det var flammande nordlys i alle retningar. Martin og eg hoia "sjå!" og "nei, dæven!" om kvarandre, heilt til underståttane var så kalde at det blei vanskeleg å ignorere deira "varme no!" og "tær saman mot kulde!" og andre taktfaste kamprop. Utruleg flott, og litt merkeleg å måtte gå vidare, ikkje fordi det slutta, men fordi vi blei kalde! Då vi kom til Bomstad køyrte vi rett ned, og den kjensla var ubeskriveleg - 10cm styresnø på skare, og opplyst av nordlyset! Og det beste av alt var at eg klarte å sette telemarksving med fjellskia! Eg begynner å finne teknikken no, ein må liggje langt bakpå og så må ein berre akseptere at ein blir litt vinglat på tynne ski... Så eg låg mykje ned lia i går. Men i puddersny er eg villig til å gløyme det. Eg trur det må ha vore den beste nedkøyringa frå Bomstad nokonsinne!
1 kommentar:
Heisann Prompellen ;-)
Sett kameraet på manuell fokus, og sett så fokusen på uendelig! Da slipper du å være redd for at fokusen skal bli dårlig!
Et annet tips er å sette utløseren på selvutløser. Da blir det ikke noen rystelser i kameraet når du trykker på utløseren!
Virkelig kult nordlysbilde! Har aldri tatt noe lignende. Sukk...
Håper du, Tigern og Pingu har det bare bra! Takk for tilgang til flott fotoalbum!
Klem fra Hansi
Legg inn en kommentar