26 februar 2007

Ekstremtur?

- Har dokker vårre på ekstremtur i hælga?

Spørsmålet kom frå Werner under formiddagsmaten i dag, og for første gong på det eg kan hugse blei eg faktisk stum.

Har eg vore på ekstremtur i helga? Eg måtte spørje Martin, han var jo tross alt med, så han burde kunne bidra til å svare. Men trur du ikkje han blei like stum som meg! Har vi det, tru?

Eigentleg så seier det alt at vi er så uvisse: vi har nemleg ikkje vore lenger enn til Storvatnet. Ikkje var det langt, ikkje bar vi tungt og ikkje klatra vi særleg hardt heller. Faktisk baksa vi mykje mindre enn vi pleier opp lia, for vinden hadde blåst vekk alt som var laust. Men då vi kom til den første myra tok vinden tak i oss, og slapp ikkje taket før langt ut på søndagen. Det var ein søraustleg kuling som beit oss i kinna og røska i kleda og gjorde livet som skiløpar til alt anna enn triveleg. Vi var blåst stivfrosne innan vi kom oss til Nesheim, og vi som berre hadde tenkt oss på ein søndagstur for å teste dei nye ryggsekkane våre. Vi burde ha skjøna at søndagstur på ein laurdag var ein dårleg idé.

Det var ikkje vanskeleg å få god trekk i omnen.

Det er ikkje så kult å komme til ei hytte i nærmare 35 effektive og oppdage at ein er nøydd å spare på gassen. Vi fekk snart fyr i omnen, men hytta var svinkald då vi kom inn. For å kunne varme hytta med gass begynte vi å lage mat med ein gong, den etterkvart tradisjonelle pepparbiffen med fløytegratinerte poteter. Men hytta var berre litt mindre svinkald då maten var ferdig, så kleskoden for laurdagsmiddagen var dunvest og balaklava… Vinen varma Martin opp på omnen, og sjølv etter ein halvtime var den enda rimeleg kald. Eller romtemperert, det læt mykje betre.

Vinden ulte rundt hytta, og temperaturen inne steig saktare enn eg syklar oppoverbakke. Nesheim er på Noregs ti-på-topp-liste over værutsatte hytter, og etter tre timar var det strengt tatt enda ikkje leveleg der inne. Vinden berre blåste vekk all varmen, og vi så vantru på termometeret som ikkje rikka seg. Men vi skulle jo drikke raudvin og slengje mainnskit, så vi kledde på oss alle kleda våre og fann oss ei dyne kvar. Og drakk kald vin og varm kakao om kvarandre. Under dyna. Klokka halv tolv vurderte vi å gå heim igjen, og det seier litt.

Skulle hatt ein kringrenningstoveeldingbortikråioppsetjingsgreie.

Vi blei. Og bestemte oss for å ha fyringsvakt heile natta. Annakvar time ringte vekkjeklokka og så var det opp og hive kubbar i omnen. På morgonen var det blitt leveleg i hytta, men eg tør ikkje tenkje på om det var fordi vinden hadde løya eller om det var fyringa som gjorde susen. Til frukost var det nesten godt og varmt, og i rein overrasking over å kjenne varme i tærne blei vi liggande i kvar vår sofa og lese aviser. Det er utruleg kor trøytt ein blir av å fryse, heile søndagskvelden låg eg på sofaen og gjorde imponerande lite, heilt slått ut.

Ekstremtur? Ka du trur? Vi var faktisk samde om at vi ville hatt det betre i bygda, og det er ikkje noko Martin og eg vedgår med lett hjarte, slik sett var det heilt klart ekstremt!

1 kommentar:

Unknown sa...

Helt klart en ekstremtur... Syntes det var ekstremtur i Østmarka i fjor vinter (natt til 5. mars 06) da det var 30 blå på gradestokken om kvelden. Det var i en tett hytte, dog uten ovn som virket godt. Med kakao, sovepose og ullpledd forran ovnen gikk kvelden. Kald rødvin og litt wiskey gjorde susen, og søvnen ble god, men morgenen kald med 10 minus innendørs. Det var ekstremtur - deres tur må ha vært en überekstremtur, i alle fall i hyttetursammenhegn ;-)

Hils Tigern!