08 februar 2007

Atter ein blogg




Eg har eit litt blanda forhold til bloggar: på den eine sida har eg lyst til å ha ein sjølv, eg likar å skrive og gudane skal vite at eg treng å øve. På den andre sida synest eg at viss det er ein ting verdsveven alt har meir enn nok av, så er det innhaldslaust tomprat.

Eg burde halde meg for god til å kringkaste at eg ikkje har noko på hjartet, men så var det denne treninga då. Så eg gjer som folk flest, eg bøyer meg for eigen egoisme og kjempar til meg min plass på veven. Eg lovar å gjere mykje ut av meg. :-)

Kven er så eg? Eg er eksilromeriking som bur i Troms. Her arbeidar eg som lærarinne i norsk og engelsk, derav nynorsken. Eg flytta hit fordi eg kan stikke beina i telemarkstøvlane mine heime, ta skiene på ryggen og labbe til fjells. Av dette kan de slutte at eg er glad i å stå på ski. Eg er glad i gå på ski også, anten det er oppover med fellar, bortover med voks eller nedover med hjartet i halsen. Eg likar også å si at eg køyrer brett, men då er det lett å få inntrykk av at det er eg som styrer det, og det trur eg i beste fall må reknast som ei overdriving. Når eg ikkje står eller går på ski eller brett, liker eg å tru at eg trener til triatlon. Men i Nordkjosbotn er sykkelsesongen kortare enn eit gjennomsnittleg samleie, det er tørrdrakt som gjeld for fjordsvømming og løpesesongen...ja, det er eigentleg ikkje noko i veien med løpesesongen. Ok, så eg trener ein del på løpeetappen til triatlon. Ein av tre, det kunne vore verre.

Jau, og så bur eg saman med ein tøytiger! Han er ein fin krabat som har budd hos meg i snart fem år, eg fekk han av nokre venninner i Frankrike då eg flytta heim til Noreg. Tigern er ein livleg tass med sterke meininger, særleg om menneske og deira egenskapar. Eigentleg er det ikkje heilt rett å seie at eg bur i lag med Tigern. Rett nok er han her no, men eg og kjærasten min har delt omsorg for han. Joachim har hatt Tigern hos seg sida nyttår, og eg fekk han med meg i helga som var. Delt omsorg fungerer betre på papiret enn i praksis er det vi har komme fram til, vi saknar Tigern skrekkeleg når han er hos den andre. Det er overraskande mykje selskap i ein tøytiger.

Det får halde, eg fekk selskap og då drikk man kaffi.

Ingen kommentarer: