26 februar 2007

Møljekalas!

Fredag 23. februar var det klart for møljekalas for personalet på Nordkjosbotn vidaregåande skule. Skrei og mager var kjøpt inn og det meste låg an til eit etegilde av dei sjeldne. Det var berre det at kalas ikkje gjer seg sjølv, nokon må gjere i stand også.

På Nordkjosbotn er vi velsigna med heile tre kokkar. Ikkje berre likar dei å få slike oppdrag, det er ein muligheit for å rive litt kjeft, og til å av og til lage mat utan at dei må forklare alt dei gjer heilt ned til minste detalj, men til alt overmål har dei også godt minne. Så dei hugsa at eg i eit augeblikk av ekstatisk lykke over at det blei møljekalas hadde lova å hjelpe til med å reinske lever.

Torsdag var det då berre å brette opp erma på den lånte kokkejakka og sette i gang. Først fekk eg ei innføring i den edle kunsten å reinske torskemagar. Det kan ein vel trygt seie at er ei spesiell oppleving. Særleg når ein skal vrengje dei og mageinnhaldet tyt ut mellom fingrane som lukkelegvis var hanskekledde. Skreiar et noko som blir ganske ekkelt. Men eg hadde selskap i Elin, og frå den kanten kjem det sjeldan noko anna enn mainnskit i ein slik situasjon, så vi prata og jåssa og hadde det etter forholda riktig bra. Etter ei stund kom rektoren vår og skrytte av oss. Kaffi og te ordna han og, og trudde visst han hadde gjort sitt. Men Martin har jo vist seg å vere nærmast handikappa av konkurranseinstinkt, så det blei nesten umuleg å ikkje utfordre han:

Ellen: Skal vedde på at du ikke klarer å rense mager like bra som meg!
Martin: Hehe (her kjem det fram at han visste godt at eg spelte på
konkurranseinstinktet hans, og at han ikkje hadde tenkt å falle for den),
det trur ikkje æ heller!
Ellen: Å (her var eg litt skuffa for at han ikkje gjekk på den)… Tør’u’kke prøve engang?
Martin: Gje mæ kniven, æ ska rænse en mage, bær får å vise dokker.

Fem minutt seinare kom han tilbake, no i kokkejakke og forkle og hanskar. Det er vel ikkje så overraskande at han blei ståande i kummen i fleire timar…

Då eg kom ut i den verkelege verda etter å ha budd på Blindern Studenterhjem i mange år, oppdaga et at verda har eit merkeleg syn på det å gjere ein innsats. På Blindern var det ei ære å bli spurt om å gjere ein jobb, og vi strekte oss utruleg langt for å få det til. Det var jo innsatsen vår som gjorde at vi fekk revy, velferdstilbod, festar og ball. I den verkelege verda er ein rar viss ein tar på seg ein jobb utan at ein får betalt, avspasering eller ein annen konkret løn. Talande nok var det berre eg som hadde meldt meg frivillig til å hjelpe til med skitjobbane før møljekalaset. Eg hadde ikkje venta noko løn for det, anna enn at eg kan gå med hovudet høgt heva, vel vitande om at eg har gjort ein innsats, men trur du ikkje kokkane hadde laga diplom til Martin og meg! Og veit du, det synest eg var vel fortent!

Fredagen kom og eg fekk leverpermisjon. Eg kjente meg ikkje veldig bra, så eg gjekk heim og la meg nokre timar. Drog tilbake på jobb ved sekstida, klar for fisk og øl. Ingrid hadde vist noko av flogvitet sitt og laga i stand eit genialt opplegg for å finne bordpartnar. Så var det klart til etegilde. Og herregud som eg åt. Eg åt uanstendige mengder lever, rognjolk, steikt rogn, kokt rogn, steikte torsketunger, fleire torskeskiver og flatbrød, og det etter å ha slukt ein manneporsjon med verdas beste fiskesuppe. Eg trur eg klarte å sluke om lag fire gonger ein vanleg middagsporsjon, og angra litt på at eg ikkje hadde tatt ei joggebukse utan knappar. Eg var så mett at eg ikkje kunne vri meg – eg var så stinn! Eit mirakel at eg fekk sove.

No er det måndag. Ingrid og eg skal ete middag i lag. Eg lurer på om eg vil bli svolten igjen før det?

Ingen kommentarer: