15 februar 2007

Det Vonde Imperiet, del I

Står Det Vonde Imperiet i ledtog med den farmasøytiske industrien?

Eg lurar på om eg har oppdaga eit av dei verkeleg store konspirasjonane i vår tids historie her. Gløym frimurarar, tempelriddarar, jødar og avhaldsfolk, dette her er stort, det er vondt og det er på ein pult i din nærleik.

Det Vonde Imperiet har herja med folks hjernar i over tjue år no, og genistreken var å gjere vondskapen så tiltalande å sjå på at folk trudde det var eit gode. Lite visste dei at utsikten frå dei brukarvenlege vindaugene var eit estetisk kaos av irrasjonalitet og sorg. Eit kaos der ellers normale og åndsfriske menneske får seg til å nedverdige seg på det grovaste for å få Imperiets siste nyvinning til å te seg. Kva anna enn Imperiet får rasjonelle realistar til å sette kaffikoppen på same plass kvar dag for å ikkje terge Imperiets stadlige representant for mykje? Eller dei som sakte flyttar seg nedover ei side i håp om at Det Vonde Ordet ikkje heilt skal merke at du fortsatt skriv?

Det er vondt å sjå seg sjølv nedlate seg til overtruiske ritualar, barnslige ønskedraumar og god, gamaldags ganning for å få faenskapen til å fungere. Ein faenskap som hånleg nok er basert på det mest rasjonelle av det rasjonelle, matematikken. Eg ser jo sjølv at eg ter meg irrasjonelt, men i likhet med mykje av den alternative medisinen og anna New Age-søl, ser det jo unekteleg ut til ha ein verknad!

Det hjalp å skrive dette.

Men det er liten tvil om at eg vil hoppe på ein åpen løysing så snart eg, ein skarve akademikar-plebeiar, igjen får råderett over maskinen.

Takk for at du høyrte på meg.

Ingen kommentarer: