10 februar 2007

Ski og sjampis - fredag på Nordkjosbotn

Det har jo lava ned snø i fleire dagar no, har vel komme ein 20-30 centimeter sidan torsdagen, viss ikkje endå meir. Slikt må ein utnytte - det var jo derfor eg flytta hit! Så då får snøen berre ligge, måke får eg gjere ein annan dag.

Martin og eg dosa til fjells ved femtida, då var det faktisk pause i snøinga. Eg var som vanleg deprimert med tanke på å grynne opp lia, eg missar ikkje ein sjanse til å deppe litt. Og det var bra eg gjorde det, for det var slett ikkje verst! Det har blåst ganske kraftig dei siste dagane, så det var blitt ganske hardt under dei siste 10cm som hadde komme sidan torsdag. Men vi gjekk med fellane på heilt til boka. Der var det ekkel vind og 10 blå. Men vi fekk lufta både kropp og vett, og då var det i grunnen greit. Det er ganske luksus å kunne dra til fjells rett etter jobb, gå ein halvannan times tid, og så spise opp knekkebrøda til kompisen sin. Nedkjøringa var forresten heilt super - 10cm styresnø. Supert for telemark, eigentleg, synd eg ikkje klarar å køyre telemark med fjellski. Verdt å huske til søndagen, kan godt tenkjast at telemarkski frå Bomstad kan bli ei god oppleving...

Så endte eg til slutt på Kjellerstuakvissen, der eg saman med Randi, Trond og Martin viste fram flågvitet og vant heile skiten. Aktersnurra er forresten svensk for påhengsmotor, i fall du lurte. I eit anfall av seiersrus kjøpte vi oss ei flaske sjampis for seierspengane. Skal si det er lite som tyder på økonomisk sans i alle fall - sjampis på ein utestad, det er jo berre dumt. Men godt var det! (",)

1 kommentar:

Unknown sa...

Heisann lille Lux!

Her kommer en liten hilsen fra en influensasyk Hansemann! Har hangla en uke nå, heldigvis litt bedre nå!

Kanskje det ikke var influensa - feberen har ikke vært akkurat høy, men dyna har vært god for det. Bue puta si!

Har hørt at det er rekordmye snø i Troms - håper du nyter det!

Stor klem fra Hansemann!