31 desember 2012

Scafell Pike

Scafell Pike er det høyeste punktet i England, og dermed ein stad eg har lyst til å ha vore på. Slik er det berre. Då er det litt trist at værmeldinga stort sett seier orkan og regn. Men, ein må jo freiste, så vi fann oss ei rute som i teorien skulle vere litt skydda, og så dro vi avgårde.

Først køyrde Jokke oss på feil side av vegen til Seathwaite, som forøvrig er eit vikingnamn, 'thwaite' er det same som 'tveit', og så bar det opp lia. Der mista vi stien ganske snøgt, og sjølv om Jokke fann han att blei det klyving på oss andre
På toppen av lia fann vi sti og veldig sterk vind. Så sterk vind at eg satte foten ned og nekta å gå vidare - eg klarte ikkje å halde meg på beina i det heile, men på tur med menn må ein berre seie i frå, dei gjer det ikkje sjølv. Men som Dave sa, han ville nok protestert om ei stund, ettersom han ikkje likte så godt at augeloka vrengte seg i vinden...
To til å halde kart og ein til å lese det.
Så då tok vi lunsj ved ei nødbåre, og valde ei anna rute. Og tru det eller ei, vinden løya, og vi fulgte faktisk The Corridor Route heilt opp til sadelen ved Scafell Pike.
Scafell Pike er oppi tåka der til høgre
Litt vassing i sny blei det på slutten, men alt blei det ein ganske fin tur. Blåsete, men ikkje verre enn at vi greitt kom oss opp. Vi hadde slått fast at vi skulle snu klokka 13, men 12.55 var vi rett under toppen, så vi gjorde som vi veit vi ikkje skal og gjekk på toppen. Der såg vi ingenting, men vi fann trigpunktet, så vi har vore på toppen.
Ein typisk dag i kvardagen til ein peak bagger.
 Vegen attende til bilen var litt verre - det var mange stiar på kryss og tvers, og slett ikkje visst at vi visste kor vi var i alle tåka og steinen. Vi diskuterte litt om vi hadde vore lost, for det kunne sjå ut som om vi kunne få turen godkjend som ein "epic walk". Kriteria er som følgjer:
  • Avreise eller heimkomst i mørkret
  • Ein må ha vore lost
  • Ein må ha vore utsett for dødeleg fare
Eg veit de kan hende stussar litt på om det var vinden som var den dødeleg fare, men då minner eg om at Jokke køyrde bilen. På feil side av vegen. Lukkelegvis haldt dei fleste andre bilistane seg også på feil side av vegen, så vi sto han av. Diverre rakna det likevel, det var definitivt ikkje mørkt då vi kom attende til bilen. Eg har aldri vore med på ein epic, så det ville vore artig, eg som berre no har vore ein del av Team Hard.

30 desember 2012

Langdale Pikes

Utsikt mot Great Langdale og utgangspunktet.
Større gruppe denne gongen, og to bilar. Reynard og Tom synte størst mot og sette seg inn i bilen vår. Eg trur ikkje dei heilt skjønte kor stor risiko dei tok der. Så labba vi oppover lia mot Stickle Tarn og deretter Pavey Ark. Med blaut sny på bakken valde vi den lettaste renna opp til toppen. Vi møtte eit par karar som hadde gått den kule renna, og dei kunne fortelle oss at vi hadde vald rett... På toppen av Pavey Ark tok vi det obligatoriske gruppebiletet: 
Med sola frå øvst til venstre: Kev, Al, Tom, Dave, Reynard og meg. Tigern var også med, men han er ikkje synleg her.
Ian er ikkje med på dette biletet, truleg fordi han om lag på dette tidspunktet hadde oppdaga at High Raise som låg litt borti høgget hadde eit trigpunkt han ikkje hadde i samlinga. Vi dit. Og det illustrerer det teite i det heile: i orkan, ville det ikkje då vere lurt å gå tur i dalen, og om ein skulle på ein topp, ville ikkje prinsippet med "snøgt opp, snøg"t ned vere passande? I staden gjekk vi altså eit par miles på eit høgt platå... Jaja, vi gjekk opp på Harrison Stickle og blei mest blæse vekk, som i at det var skummelt, for eg hadde null kontroll på kor eg endte om eg løfta eit bein frå bakken.

Til sist skilte vi lag. Reynard, Tom, Jokke og eg ville gå den siste knausen også, medan dei andre gjekk ned mot bilen (og puben). Siste knaus involverte litt klyving, og det var ganske interessant i slaps og orkan, altså. Her er vi i ferd med å berge oss ned siste berget.
Returen ned i låglandet var kan hende det finaste på turen. Ikkje berre var det litt mindre tåke, men det var også veldig dramatisk natur. Vi gjekk ned eit gjel, og i sterk vind var det ganske spanande.
Ein av dei lokale heltane.Legg merke til øyra til sauen, mykje mindre og meir veltilpassa eit liv i kulda enn dei fleste pelsdottane ein ser i norsk utmark. 

29 desember 2012

Skiddaw

Værmeldinga var ganske ille, i alle fall om ein er ei lita dame som ikkje er så tung, og som dermed er litt utsett for vind. Kobla med samme damas trong til å gå på toppar låg det eigentleg an til katastrofe.

Dave har vore på tur med meg før, så han la ein klok plan. Vi skulle labbe opp på Skiddaw. Skiddaw er Englands fjerde høgaste, heile 931moh og kvalifiserer som ein marilyn. For dei av dykk som har vore i Keswick, så er det fjellet som ligg rett ved byen, men som ingen ser nokon gong fordi det alltid er tåke. Planen var enkel: vi skulle labbe oppover på eit lett og ufarleg fjell, for å finne ut kor mykje det eigentleg blåste der oppe.
Stien var delvis utruleg bratt, men veldig flott tilrettelagt, med steintrapper der det var brattast. Dei lokale likte ikkje heilt at eg døypte om Lake District til Puddle District, men dei var i alle fall samde om at det var meir presist.
 Dei ser vel alle vasspyttane på jorda under her? Det hadde jo vore flaum i sørvestre delar av England, både Dave og Tom hadde fått merke det på togtrafikken på veg heim i jula. Det er ikkje ofte det er meir korrekt å seie at det hadde vore ofseleg blautt!
Det gjekk greitt å gå opp. Vel blåste det veldig, men det var jo så mildt, at det var berre å dra hetta godt opp. På toppen blei det verre. Mykje verre. Det var ordentleg vanskeleg å stå på beina, ein endte ikkje alltid opp der ein hadde tenkt, men lukkelegvis var det ingen stadar å ramle ned. Eg trur ikkje eg har vore ute i så sterk vind før, eg har i alle fall aldri før opplevd at augeloka har blafra i vinden!
Sjølv om det blåste veldig måtte jo sjølvsagt Reynard freiste seg på triggpunktstrikset sitt denne gongen også: 
Vel heime blei det litt shopping i Keswick: Jokke fekk seg nye fjellstøvlar, og eg fekk meg nye gamasjar og drikkesystem. Dessutan kjøpte eg verda tøffaste eittårspresang til sonen til Hans-Georg, sjølv om han ikkje er fødd enda. Eg kjem attende til dette neste år! 



28 desember 2012

Living on the edge..

Og for de av dere som kjenner til min forkjærligheter for egger, så tror dere kanskje det kommer et fett innlegg om vinterbestigning av Uranostind eller noe sånt nå. Men nei, vi snakker om å virkelig ta sjansen her:
Venstrekjøring er og blir for de spesielt interesserte, altså. På de britiske øyer er det nærmere 70 millioner spesielt interesserte, så da tar man skikken der man kommer, det er liksom ikke tid og sted for å prøve å misjonere for å kjøre på riktig side. En skulle tro de skjønte tegninga når "rett" og "høyre" er det samme ordet, men nei. Dem stritter i mot, ja. 

Siden Jokke øvde under Ironman UK I fjor, var det han som fikk æren. Jeg var kartleser. Og fotograf, som dere ser. Han var veldig flink! Og ganske konsentrert. Og jeg var ganske modig.

26 desember 2012

Kattefelle

Katter og esker er vel et kjent fenomen, men det er likevel ganske morsomt, de er jo helt besatte av å krabbe oppi slike.

Rakk dessverre ikke å få tatt bilde av at hun snudde seg oppi kurven, hun gikk egentlig opp i den med snuta mot veggen. Det var en baksing uten like for å få snudd seg, hun er jo ingen liten katt..

25 desember 2012

Kattevask

Bokstavelig talt, altså. Litt usikker på hvem det var mest traumatisk for: katta som måtte i grønnsåpebad, eller eieren som syntes fryktelig synd på henne da mjauinga var på det såreste.

Trøster meg med at det trolig var til det beste.

21 desember 2012

Julefeeeerie!

Så var det faktisk juleferie! Det har ikkje helt søkke inn, eg har jo vore på jobb som vanleg, gjekk dit i dag tidleg, og så var det SATS etter jobb. For dei som måtte vere interessert i utviklinga på gymmet, kan de sjå på Fast Twitch, treningsbloggen min. Eigentleg starta eg Fast Twitch berre fordi eg syntest det var eit kult namn, så for å fylle han med noko blei det trening. Før hadde eg forresten eit veldig fint framsidebilete på han:
Det var ein ganske lang digresjon! Eg er ganske god på slike. Lange digresjonar, altså. 

Denne jula er ei av dei som det skjer ein del i. Det viktigaste er at Jokke og eg dreg til Lake District på fredag, og skal vere der over nyttår. Eg trur eg har skrive om det før, men som lærar veit eg at litt repetisjon sjeldan er av det vonde: masse gamle medlemmar av CUSAGC brukar å samle seg som på gode, gamle CTW (eg kan ikkje avsløre TLAar, de må berre leve med det) til det vi no kallar FOT (sjå førre parentes). I praksis tyder det at vi leier eit svært hus, og så samlast vi der for å gå på tur, drekke øl og cognac, skrøne, spele spel, feste, ja, de skjønar. Ganske likt hyttetur her heime, altså. Med undantak av at nyttårsmiddagen alltid er black tie. I år er eg litt misnøgd med det, for eg hadde gledd meg til at Jokke skulle ha den fine uniforma si, sidan han jo er attende i Kongens klede no. Han er jo så lekker i den uniformen, berre sjå:
Men, så blir det temakveld, og temaet vi har fått er "rockeband". Blir liksom ganske så feil med Hærens mørke då. Så det var vel siste moglegheita til å få sjå han i denne. Sukk.

Så over til det som skjer etter jul. Det første store er at vi tek over katta til naboen. Det er ikkje snakk om eit tjuveri, naboen gjekk bort førre veke, og arvingane kan ikkje ta over katta. Så vi gjer eit forsøk på å få han og Esterka til å gå i hop. Vi er litt uvisse på korleis det skal gå, altså, dei er jo etablerte uvener... Men vi håper det skal gå seg til, dei er jo kastrerte båe to, og Kaos som den nye heiter, er ein tenåring som kan hende kan setjast på plass med ein gong. I alle fall får jo eg noko å drive med når Jokke reiser utanlands i byrjinga av januar, eg trur ikkje eg skal få det keisamt med det første i alle fall!

Men, før vi kjem så langt, har eg fått tak i Tre nøtter til Askepott i originalutgåve, utan den teite dubbinga, og  dét gler eg meg til, altså! Berre synd menyane er på tsjekkisk, så eg må spele han av på pc for å finne fram til den engelske tekstinga...

Til då er det pakking til tur, handling av siste rest til jul og så er det berre å la julesnopet ta overhand!

God jul og godt nyttår, folkens!

18 desember 2012

Elevøvelse: blindtest av melkesjokolade med salte nøtter

For å feire at Ellen har klart å rette ferdig begge norskbunkene sine på under fem dager etter at de ble levert, bestemte vi oss for å feire med litt sjokolade. Inspirert av (enda) en (høyst diskutabel) gladnyhet om hvor bra sjokolade er for oss fant vi ut at det var på tide å gjøre vårt eget lille sjokoladeforsøk. Hypotesen som skulle prøves ut var følgende: Nidars BergeneMelk Polly er en etterligning av Freias etter hvert velkjente Walters mandler. Valgt metode var å gjennomføre en blindtest av disse to for å slå fast om kvalifiserte sjokospisere klarer å skille dem fra hverandre. Et annet hensyn som spilte inn var forresten at det raskt ble klart at vi ikke hadde nok Walters mandler til skikkelig sjokokos på oss begge, og dermed måtte vi over på Bergene Melk Polly uansett.
For å sikre at smaksløkene var nøytrale mellom hver smak, lagde vi oss en god kopp sjølimportert Kona-kaffe, og pimpa med melk. Denne drakk vi godt av før forsøket begynte, og vi fylte også opp mellom hver sjokoladebit for at begge produktene skulle få lik behandling. Forsøkspersonene ble omhyggelig blindet med et tubetørkle.
Som nevnt over begynte det å skorte litt på Walters Mandler, så vi ble nødt til å dele hver bit i to for å få gjennomført forsøket. Dermed ble det nok til at hver forsøksperson fikk smake en halv bit av hver type i randomisert rekkefølge.
For at ikke sjokkisbitens form skulle avsløre typen fikk forsøkspersonen ikke berøre den med fingrene. Den ble altså plassert mellom tennene hvorpå forsøkspersonen i eget tempo fikk smatte og smake til smak, aroma, tekstur og smeltepunkt var omhyggelig kartlagt. Umiddelbart etter at begge bitene var inntatt rapporterte forsøkspersonen hvilken rekkefølge han/hun trodde de hadde kommet i.

Resultatet var at første forsøksperson tok feil, mens andre forsøksperson traff. Det gir altså 50% treff, noe som er akkurat hva som kan ventes ved ren gjetning.

Diskusjon og konklusjon:
Resultatet tyder på at det ikke er noen avgjørende forskjell i spiseopplevelse mellom de to sjokoladene. Imidlertid er det et par svakheter ved design og gjennomføring av forsøket som gjør det vanskelig å konkludere bastant. For det første fant vi ikke noen praktisk måte å sikre at også forsøkslederen var blind og samtidig kunne holde orden på bitene. Dermed når ikke forsøket helt opp til gullstandarden som dobbelt blindforsøk, men med høy bevissthet om problemet og ditto etisk standard skal ikke det ha påvirket utfallet nevneverdig. Mer alvorlig er det at begrenset tilgang til råmaterialer gjorde at vi sitter med et heller spinkelt statistisk grunnlag. Resultatet er helt enkelt ikke statistisk signifikant, og dermed kan vi verken si at hypotesen er støttet eller forkastet. Vi vurderer det  allikevel slik at resultatet gir en indikasjon om at de to sjokoladene er temmelig like, og tror at mer omfattende forsøk vil gi klarere svar.

Videre forskning er nødvendig.

17 desember 2012

Julepynt

Ellen fikk et anfall i går og la juleløper på spisebordet. Katta synes tydeligvis at idéen er god.

16 desember 2012

Triumf

Jokke og eg klarte heile 18 rette i Dag & Tid-kvissen i dag!

No kan jula berre komme, vi er klare for ALT!

Julesnø

Så kom det snø i år også, og det ganske mye. Ikke helt på Rogaland-nivå, men fortsatt nok til at Kardemommeby blir nissegrend. Jokke har vært måkehelt, og det kan dere se nede til høyre ved flaggstanga på bildet av naborekka.
Jokke og jeg gikk til foreldrene mine for å feire Pappa, han hadde bursdag på fredag. Og den turen var seig - ikke mye som var måkt, nei! Så fikk vi da opp apetitten innen vi kom fram.

09 desember 2012

Når menn vel kunst...

...så blir han ofte av eit, bokstaveleg tala, grøvre kaliber enn når damene får råde:
Eg har vore på Setermoen i helga, som de skjønner.

Først frå utearealet i panserleiren: 
Pynta til Tanksgiving heile året. 
 Deretter frå messa i panserleiren. Ein skjønar det kan gå hardt for seg der ein laurdagskveld:  
Her får eg stadfesta alle fordommane mine mot fyllekulturen i Forsvaret.  
Eigentleg må eg seie at det mest slåande med pansermessa var kor lik stilen var Billa på Blindern Studenterhjem, der eg trådte studentstilettane mine i heile seks år.

Men det var også visdomsord å komme over, desse kunne ein del av elevane mine (og til og med somme av kollegaene mine) nytte seg av i kvardagen: 
Eit motto for kvardagen
I artillerileiren hadde dei freista tilveret som arkitektar, og det må eg seie eg syntest dei var ganske flinke til. Høgtideleg, men med eit lokalt preg. 
Innkøyringa til artillerileiren. 
 Inne i artillerimessebygningen var det forøvrig ein annan ting som verkeleg minte meg om Blindern Studenterhjem - skjolda som synte kven som hadde fått medlemskap i Den Brennende Bombes Orden. Veldig likt Bukkeordenen hjå oss, altså. Studentar, soldatar, unge folk heimefrå er visst dei same overalt. Det er både urovekkjande og trygt. Trur eg. 

08 desember 2012

Besøk i Balsfjorden

Så har vi vitja Ingrid på Vollan att. Ivar og vesle William var heime også, og laurdagen dro vi på Gjestestua til middag. Diverre var det julebord der i dag, så menyen var ganske redusert. Men mørketidsøl hadde dei, de veit, Mack rular, og no blir det laga på Vollan også. Med vatn frå Storvatnet.

04 desember 2012

Seminar med Norsk lektorlag

Tekanne, kransekake og flotte folk på seminar. Alltid trivelig på NLL-samlinger, det er liksom litt som å komme hjem!

02 desember 2012

Årets første skitur!


 På Ringerike var det ti blå og kjørt såle, ergo ble det skitur. Etter en liten stopp i bommen, var det klart for skiløyper.

Det er ikke mye snø, det er ikke det, og deler av turen var prega av å være en tur for entusiaster. Men vi fikk oss halvannen time på tørr snø, og det er noe eget med årets første skitur.
Nå har jeg vondt på alle de rette stedene: knær, hofter og triceps... Morradagen blir vond. Men så verdt det, så inderlig verdt det!

Jeg synes synd på de som ikke liker å gå på ski.

Julebord

Eg må berre leggje ut eit bilete frå julebordet med jobben på fredag. Eg hadde fått Marianne på Topp & Tå til å lage flapper-bølgjer på håret, og så slo eg til med dei kvite bryllaupsstøvlettane mine til sjokkrosa kjole - eg skulle jo halde herrenes tale, så eg kunne like gjerne nytte tida i søkjelyset.

Så her er biletet i alle fall: eg skulle ønskje eg såg så bra ut i røynda, men eg har i alle fall provet på at eg kan sjå bra ut på bilete, også med blitz!

28 november 2012

På glattisen

Kjære Rælingen kommune,

Tusen takk for at de har brøyta vegen så flott frå Vestre Strøm og heilt til Rudberget. Heilt vekke var all snyen, alt som no var att var ei herleg såpeglatt ishinne som gjorde kvart eit skritt til ei turnøving. Jaggu godt eg er så stutt i møkkfallet at eg neppe slår i sund noko når eg ramlar. Til neste gong kan de ta med ein sandsekk eller femten og strø dei ut.

Vidare skal de ha takk for at de ikkje har brøyta mellom Rudsberget og Lognsdalen etter dei siste timane med snyfall, for der lå nysnyen som eit flott friksjongjevande lag mellom fotgjengaren (meg) og bakken. Litt ironisk at det her er mangelen på brøyting som gjer det heile til å stå av. Takka vere at det ikkje var skrapebrøyta her brukte eg berre halvanna minutt lenger på vegen i dag.

Derimot kunne de vel ha betalt ein eller annan traktoreigar for ein ekstra time for å måke mellom Lognsdalen og rådhuset? Altså, det har faktisk ikkje snødd sidan i går, ein burde vel kunne vente ein liten sveip over gangvegen, vel? Det er vel ikkje så farleg, det er jo berre fotgjengarar som brukar han likevel, eller kva?

Sutrete? Ja, men det er sutringsfridom i Noreg.

25 november 2012

Biletblogging

Som de truleg har lagt merke til så har eg vore ganske slapp på bloggfronten i det siste. Men eg er altså ikkje daud. Eg berre brukar Instagram mykje meir enn eg har skrivekløe om dagen. Eg saknar faktisk skrivinga, så eg skal gjere eit forsøk på å skjerpe meg..

Men, for dei som har lyst til å sjå Instagram-bileta mine, så ligg dei på tumblr-bloggen min. Tumblr er ei bloggteneste som i større grad enn her på blogspot er ein multimediablogg, tilpassa kortare innlegg enn det er her.

16 november 2012

"Nyhetsmorgen"

Takk til NRK for gjennomgangen av betalingsløsningene for julebord i mest kvar einskilde vesle kommune i heile Telemark i dag tidleg.

Men korleis var det eigentleg i Hjartdal?

13 november 2012

Visste vi det ikkje?

Det er med ei viss kjensle av hovmod at eg høyrde dette på radioen i dag tidleg: Å skrive både nynorsk og bokmål hever språkkompetansen!

For ei herleg lenkje å sende til alle dei som spør meg kvifor i all verda eg skriv nynorsk når jo har bokmål som hovudmål. Svaret er altså:

Fordi eg kan.

10 oktober 2012

Parkeringsvanskar

Til bileigaren som kompenserer for halvmeteren utafor parkeringsplassen med ein tilsvarende halvmeter tomrom mellom kjerra og veggen bak:

Om du har sååå tungt for å klare å parkere kjerra, prøv med ein mindre bil! Det er liksom ikkje så stilig med ein svær, kul bil, når bruken av han avslører eigarens totalt manglande evne til å handsame han.

Helsing,

Medbilist med parkeringsevne.


25 september 2012

Vassfaret



Vi har snakka om det i flere år, Hansi, Aase Camilla, Jokke og jeg: vi skulle gjerne fått oss en tur til Vassfaret ei helg. I våres klarte vi endelig å bare bestemme oss for en dato, og den var nå i helga. Fredag ettermiddag møttes vi i Hønebyen og dro oppover. Etter omtrent en times gåtur fra parkeringsplassen kom vi hit:
Og siden vi allikevel skulle oppover denne veien på lørdag, slo vi like godt leir. Det var ganske kaldt, bålet blei liksom ikke helt supervarmt, men vi hadde godt selskap, godt drikke og supergod mat. Livet var bra, altså. Litt engstelige var nok Jokke og jeg, for vi hadde satsa på tresesongere, mens AC og Goggen hadde dratt ut vinterduna. Goggen hadde til og med skaffa seg dunliggeunderlag, til naboteltets store irritasjon - det gaulte nemlig, hver eneste gang prøysser'n lea seg. Og det gjorde'n jo en del, da.

Over her er et aldri så lite oversiktsbilde fra nylonkåken vår. Dere kan sikkert skimte beina til Hansi der ute, han var selvsagt godt i gang med å fyre nytt bål, trøttingene i vårt telt valgt feigeløsningen og kokte i teltet. En kommer liksom ikke unna at det er varmest, og jeg er en frysepinn av de sjeldne. 

Lørdagen var det tur til Bringen. Hansi har sikla på den toppen i årevis, visstnok, og jammen var det en fin tur. Interessant blei den også, ettersom vi foretok en kollektiv svikt i kartlesinga og gikk opp feil sted. Opp ei ordentlig bratt renne gikk det, og vi klorte oss fast som best vi kunne. Det viste seg selvsagt seinere at det gikk en veldig grei sti opp, da. Den gledet vi oss over nedover, det er som kjent kjipest å gå bratt nedover, så vi valgte å spare den lette turen til returen, for på den måten å spare knærne. Vi er jo ganske gamle etter hvert, i alle fall Jokke, Goggen og jeg.  Her er ekteparet Viehbrock på toppen av Bringen, med seg har de husky-Ronja.
Ettermiddagen ble tilbragt rundt bål, med rødvin, middag og kake, masse skitprat og mye fliring. En glimrende lørdagskveld altså. Og denne gangen hadde fyrbøter Viehbrock virkelig fått dreisen på ilden, godt og varmt var det, og veldig koselig. Lenge siden jeg har vært på båltur nå, altså.
(Men Hansi, det regna faktisk, altså, det gjorde det. Selv om yr.no sa det ikke skulle det.)
Søndagen måtte den travle forsikringsjuristen tilbake til arbeidet, men vi rakk å gå en liten tur først, oppover mot Hansespranget. Sola hadde jaget vekk det meste av skyene fra dagen før og vi gikk et skogsterreng som virkelig var helt klisje: 
På toppen dro ringerikingene hemmat, mens Jokke måtte jo gå på toppen med meg, for det er jo det jeg gjør, og jeg blir så vanskelig å ha med å gjøre dersom jeg ikke kommer på toppen. Der så det sånn ut: 

På vei opp fant vi en rusten North Face duffel! Neida, men den så faktisk sånn ut: 





03 juli 2012

Ein liten drapsmaskin

Ikkje så lett å sjå for seg når ho ser ut som her,  men (det silkemjuke) skinnet bedrar. Esterka brukar ikkje å mjaue så mykje når ho ikkje ser oss,  så Jokke var litt overraska over å høyre mjauing utanfrå i går. Men der sto ho, med ei diger, berre halvdau, jordrotte mellom labbane. Og mjaua stolt. Kverka stakkaren gjorde ho først etter å ha motteke ros og skryt. 
Ti minutt seinare var berre snuten og nokre tarmar att.  Knaseljoden var ikkje til å halde ut. 

I dag tidleg kom ho med ein bitteliten fugl.  Eg er glad døra var att så kreket blei lagt på trappa, eg er berre dels motivert for å få daue dyr inn i stova. 
 Brutal? Eg?