21 desember 2012

Julefeeeerie!

Så var det faktisk juleferie! Det har ikkje helt søkke inn, eg har jo vore på jobb som vanleg, gjekk dit i dag tidleg, og så var det SATS etter jobb. For dei som måtte vere interessert i utviklinga på gymmet, kan de sjå på Fast Twitch, treningsbloggen min. Eigentleg starta eg Fast Twitch berre fordi eg syntest det var eit kult namn, så for å fylle han med noko blei det trening. Før hadde eg forresten eit veldig fint framsidebilete på han:
Det var ein ganske lang digresjon! Eg er ganske god på slike. Lange digresjonar, altså. 

Denne jula er ei av dei som det skjer ein del i. Det viktigaste er at Jokke og eg dreg til Lake District på fredag, og skal vere der over nyttår. Eg trur eg har skrive om det før, men som lærar veit eg at litt repetisjon sjeldan er av det vonde: masse gamle medlemmar av CUSAGC brukar å samle seg som på gode, gamle CTW (eg kan ikkje avsløre TLAar, de må berre leve med det) til det vi no kallar FOT (sjå førre parentes). I praksis tyder det at vi leier eit svært hus, og så samlast vi der for å gå på tur, drekke øl og cognac, skrøne, spele spel, feste, ja, de skjønar. Ganske likt hyttetur her heime, altså. Med undantak av at nyttårsmiddagen alltid er black tie. I år er eg litt misnøgd med det, for eg hadde gledd meg til at Jokke skulle ha den fine uniforma si, sidan han jo er attende i Kongens klede no. Han er jo så lekker i den uniformen, berre sjå:
Men, så blir det temakveld, og temaet vi har fått er "rockeband". Blir liksom ganske så feil med Hærens mørke då. Så det var vel siste moglegheita til å få sjå han i denne. Sukk.

Så over til det som skjer etter jul. Det første store er at vi tek over katta til naboen. Det er ikkje snakk om eit tjuveri, naboen gjekk bort førre veke, og arvingane kan ikkje ta over katta. Så vi gjer eit forsøk på å få han og Esterka til å gå i hop. Vi er litt uvisse på korleis det skal gå, altså, dei er jo etablerte uvener... Men vi håper det skal gå seg til, dei er jo kastrerte båe to, og Kaos som den nye heiter, er ein tenåring som kan hende kan setjast på plass med ein gong. I alle fall får jo eg noko å drive med når Jokke reiser utanlands i byrjinga av januar, eg trur ikkje eg skal få det keisamt med det første i alle fall!

Men, før vi kjem så langt, har eg fått tak i Tre nøtter til Askepott i originalutgåve, utan den teite dubbinga, og  dét gler eg meg til, altså! Berre synd menyane er på tsjekkisk, så eg må spele han av på pc for å finne fram til den engelske tekstinga...

Til då er det pakking til tur, handling av siste rest til jul og så er det berre å la julesnopet ta overhand!

God jul og godt nyttår, folkens!

1 kommentar:

Unknown sa...

To katter er dobbelt opp med kos! Det har vi erfart.

For eksempel når jeg står opp om morgenen nå så er det to ivrige sjeler som mjauer som besatt, de klarer ikke å vente til jeg har fått på meg klærne før de får frokost :)

En uke inne for begge to uten lov til å gå ut, og uante mengder kos for begge er aldri feil.