31 desember 2012

Scafell Pike

Scafell Pike er det høyeste punktet i England, og dermed ein stad eg har lyst til å ha vore på. Slik er det berre. Då er det litt trist at værmeldinga stort sett seier orkan og regn. Men, ein må jo freiste, så vi fann oss ei rute som i teorien skulle vere litt skydda, og så dro vi avgårde.

Først køyrde Jokke oss på feil side av vegen til Seathwaite, som forøvrig er eit vikingnamn, 'thwaite' er det same som 'tveit', og så bar det opp lia. Der mista vi stien ganske snøgt, og sjølv om Jokke fann han att blei det klyving på oss andre
På toppen av lia fann vi sti og veldig sterk vind. Så sterk vind at eg satte foten ned og nekta å gå vidare - eg klarte ikkje å halde meg på beina i det heile, men på tur med menn må ein berre seie i frå, dei gjer det ikkje sjølv. Men som Dave sa, han ville nok protestert om ei stund, ettersom han ikkje likte så godt at augeloka vrengte seg i vinden...
To til å halde kart og ein til å lese det.
Så då tok vi lunsj ved ei nødbåre, og valde ei anna rute. Og tru det eller ei, vinden løya, og vi fulgte faktisk The Corridor Route heilt opp til sadelen ved Scafell Pike.
Scafell Pike er oppi tåka der til høgre
Litt vassing i sny blei det på slutten, men alt blei det ein ganske fin tur. Blåsete, men ikkje verre enn at vi greitt kom oss opp. Vi hadde slått fast at vi skulle snu klokka 13, men 12.55 var vi rett under toppen, så vi gjorde som vi veit vi ikkje skal og gjekk på toppen. Der såg vi ingenting, men vi fann trigpunktet, så vi har vore på toppen.
Ein typisk dag i kvardagen til ein peak bagger.
 Vegen attende til bilen var litt verre - det var mange stiar på kryss og tvers, og slett ikkje visst at vi visste kor vi var i alle tåka og steinen. Vi diskuterte litt om vi hadde vore lost, for det kunne sjå ut som om vi kunne få turen godkjend som ein "epic walk". Kriteria er som følgjer:
  • Avreise eller heimkomst i mørkret
  • Ein må ha vore lost
  • Ein må ha vore utsett for dødeleg fare
Eg veit de kan hende stussar litt på om det var vinden som var den dødeleg fare, men då minner eg om at Jokke køyrde bilen. På feil side av vegen. Lukkelegvis haldt dei fleste andre bilistane seg også på feil side av vegen, så vi sto han av. Diverre rakna det likevel, det var definitivt ikkje mørkt då vi kom attende til bilen. Eg har aldri vore med på ein epic, så det ville vore artig, eg som berre no har vore ein del av Team Hard.

Ingen kommentarer: