30 desember 2012

Langdale Pikes

Utsikt mot Great Langdale og utgangspunktet.
Større gruppe denne gongen, og to bilar. Reynard og Tom synte størst mot og sette seg inn i bilen vår. Eg trur ikkje dei heilt skjønte kor stor risiko dei tok der. Så labba vi oppover lia mot Stickle Tarn og deretter Pavey Ark. Med blaut sny på bakken valde vi den lettaste renna opp til toppen. Vi møtte eit par karar som hadde gått den kule renna, og dei kunne fortelle oss at vi hadde vald rett... På toppen av Pavey Ark tok vi det obligatoriske gruppebiletet: 
Med sola frå øvst til venstre: Kev, Al, Tom, Dave, Reynard og meg. Tigern var også med, men han er ikkje synleg her.
Ian er ikkje med på dette biletet, truleg fordi han om lag på dette tidspunktet hadde oppdaga at High Raise som låg litt borti høgget hadde eit trigpunkt han ikkje hadde i samlinga. Vi dit. Og det illustrerer det teite i det heile: i orkan, ville det ikkje då vere lurt å gå tur i dalen, og om ein skulle på ein topp, ville ikkje prinsippet med "snøgt opp, snøg"t ned vere passande? I staden gjekk vi altså eit par miles på eit høgt platå... Jaja, vi gjekk opp på Harrison Stickle og blei mest blæse vekk, som i at det var skummelt, for eg hadde null kontroll på kor eg endte om eg løfta eit bein frå bakken.

Til sist skilte vi lag. Reynard, Tom, Jokke og eg ville gå den siste knausen også, medan dei andre gjekk ned mot bilen (og puben). Siste knaus involverte litt klyving, og det var ganske interessant i slaps og orkan, altså. Her er vi i ferd med å berge oss ned siste berget.
Returen ned i låglandet var kan hende det finaste på turen. Ikkje berre var det litt mindre tåke, men det var også veldig dramatisk natur. Vi gjekk ned eit gjel, og i sterk vind var det ganske spanande.
Ein av dei lokale heltane.Legg merke til øyra til sauen, mykje mindre og meir veltilpassa eit liv i kulda enn dei fleste pelsdottane ein ser i norsk utmark. 

Ingen kommentarer: