29 desember 2012

Skiddaw

Værmeldinga var ganske ille, i alle fall om ein er ei lita dame som ikkje er så tung, og som dermed er litt utsett for vind. Kobla med samme damas trong til å gå på toppar låg det eigentleg an til katastrofe.

Dave har vore på tur med meg før, så han la ein klok plan. Vi skulle labbe opp på Skiddaw. Skiddaw er Englands fjerde høgaste, heile 931moh og kvalifiserer som ein marilyn. For dei av dykk som har vore i Keswick, så er det fjellet som ligg rett ved byen, men som ingen ser nokon gong fordi det alltid er tåke. Planen var enkel: vi skulle labbe oppover på eit lett og ufarleg fjell, for å finne ut kor mykje det eigentleg blåste der oppe.
Stien var delvis utruleg bratt, men veldig flott tilrettelagt, med steintrapper der det var brattast. Dei lokale likte ikkje heilt at eg døypte om Lake District til Puddle District, men dei var i alle fall samde om at det var meir presist.
 Dei ser vel alle vasspyttane på jorda under her? Det hadde jo vore flaum i sørvestre delar av England, både Dave og Tom hadde fått merke det på togtrafikken på veg heim i jula. Det er ikkje ofte det er meir korrekt å seie at det hadde vore ofseleg blautt!
Det gjekk greitt å gå opp. Vel blåste det veldig, men det var jo så mildt, at det var berre å dra hetta godt opp. På toppen blei det verre. Mykje verre. Det var ordentleg vanskeleg å stå på beina, ein endte ikkje alltid opp der ein hadde tenkt, men lukkelegvis var det ingen stadar å ramle ned. Eg trur ikkje eg har vore ute i så sterk vind før, eg har i alle fall aldri før opplevd at augeloka har blafra i vinden!
Sjølv om det blåste veldig måtte jo sjølvsagt Reynard freiste seg på triggpunktstrikset sitt denne gongen også: 
Vel heime blei det litt shopping i Keswick: Jokke fekk seg nye fjellstøvlar, og eg fekk meg nye gamasjar og drikkesystem. Dessutan kjøpte eg verda tøffaste eittårspresang til sonen til Hans-Georg, sjølv om han ikkje er fødd enda. Eg kjem attende til dette neste år! 



1 kommentar:

Unknown sa...

Hey! Hans August er nevnt her - speeeent! :)