28 november 2012

På glattisen

Kjære Rælingen kommune,

Tusen takk for at de har brøyta vegen så flott frå Vestre Strøm og heilt til Rudberget. Heilt vekke var all snyen, alt som no var att var ei herleg såpeglatt ishinne som gjorde kvart eit skritt til ei turnøving. Jaggu godt eg er så stutt i møkkfallet at eg neppe slår i sund noko når eg ramlar. Til neste gong kan de ta med ein sandsekk eller femten og strø dei ut.

Vidare skal de ha takk for at de ikkje har brøyta mellom Rudsberget og Lognsdalen etter dei siste timane med snyfall, for der lå nysnyen som eit flott friksjongjevande lag mellom fotgjengaren (meg) og bakken. Litt ironisk at det her er mangelen på brøyting som gjer det heile til å stå av. Takka vere at det ikkje var skrapebrøyta her brukte eg berre halvanna minutt lenger på vegen i dag.

Derimot kunne de vel ha betalt ein eller annan traktoreigar for ein ekstra time for å måke mellom Lognsdalen og rådhuset? Altså, det har faktisk ikkje snødd sidan i går, ein burde vel kunne vente ein liten sveip over gangvegen, vel? Det er vel ikkje så farleg, det er jo berre fotgjengarar som brukar han likevel, eller kva?

Sutrete? Ja, men det er sutringsfridom i Noreg.

Ingen kommentarer: