I dag skal eg gjere eit unntak og skrive om politikk.
Det har vore diskutert å innføre rushtidsavgifter i Oslo, og eg må seie meg hjartens samd i framlegget, la oss få punge ut når vi køyrer i rushtida! Køane på vegane inn til Oslo er i ferd med å bli skremmande lange, og i dei fleste bilane sit ein - 1 - person, berre i selskap med matpakka. Det er ikkje godt nok, det er på tide at vi tek fatt i miljø- og transportproblema her i landet, og det er nøydd til å råke oss alle.
Eg er for rushtidsavgifter, men samstundes bør det bli lettare å parkere i nærleiken av togstasjonar, vi bur på så mange rare, avsidesliggjande plasser i dette landet, at eg meiner vi burde satse på park-and-ride, enorme parkeringsplassar med billig parkering dersom ein har månadskort eller vekeskort, det er vegen å gå. Ikkje slik som dei gjorde då dei bygde ut Lillestrøm stasjon då Gardermobanen skulle oppgraderast - då lagde dei altfor få pendlarparkeringsplassar som både var dårleg merka og dessutan nazihåndheva og som på toppen av det heile var svindyre. Ikkje vegen å gå, det må vere lett og økonomisk og tidsmessig konkurransedyktig å køyre kollektivt. Jau, og så har sjølvsagt slektningen min, Osmund Ueland så rett så rett når han dissar politikarane for å ikkje klare å gjere noko med desse dobbeltspora på Østfold-banen.
Vidare burde bilar med minimum tre passasjerar få køyre i kollektivfeltet i rushtida, og i staden for å betale for parkeringsplassar og treningstilbod for dei tilsette burde dei som syklar få eit tilskot.
4 kommentarer:
Now we're talkin'!
Ikke fordelsbeskatning for de som får månedskort eller (tilskudd til) sykkel fra arbeidsgiver. Man skatter jo ikke av å få parkeringsplass.
Picture yourself in a boat on a river,
With tangerine trees and marmalade skies.
Somebody calls you, you answer quite slowly,
A girl with kaleidoscope eyes.
I en perfekt verden Ellen... i en perfekt verden ;-)
Egentlig tror jeg at hvis alt det andre faller på plass (bedre og biligere kollektivt, og et bedre sykkelnettverk) så ville ferre brukt bilen og vi behøver ikke å straffe de som kjører i rushtrafikk.
Jeg har nok ikke så stor tiltro til menneskene, jeg tror det må gjøre vondt i lommeboka. Ikke minst har vi ikke tid til å vente på at folk skal ta til vettet.
Legg inn en kommentar