Då Jokke og Tigern og eg var på tur i dag fulgte vi elva/bekken frå Nøklevann og ned til Skraperudtjern, også kjent som mudderdammen. Over nemnte bekk/elv har kommunen laga ei ny, stor, fin bru, ei bru så høg at ho ikkje blir tatt av flaumen. Godt tiltak, vettug bruk av skattekroner tenkjer vi. I gledje over å ha funne den fine brua gjekk vi ut på ho, og kva finn vi der? jau, der har nokon vore og brent bål. Ja, på brua:
Og då er det eg tenkjer at vi ikkje stammar frå apane - det er dårleg gjort å stille apane i eit så dårleg lys.
2 kommentarer:
Aper kan ikkje gjere opp ild...
Veldig "den vesle bjørnen og den vesle tigaren"-følelse nå.
Legg inn en kommentar