19 mai 2008

SaueFlock?

Har nettopp lasta ned Flock, og er ikkje heilt overtydd om at det er det neste nye store. Men det er no greit å ha alle oppdateringane på ein plass, eg er med på den. I dag har til dømes Pownce og Twitter kræsja eit titals gonger for meg, og eg blir litt lei. Då er det litt digg å berre ha det liggande som ein favoritt på sida her...

Ulempa er sjølvsagt at eg har ein knøttliten tre-toms pc-skjerm (ok, kan hende er den litt større, men den kjennest VELDIG liten ut), og di meir som fyller hovudskjermen desto meir må eg bla hit og dit for å sjå heile teksten.

Jaja, ein skal no alltid klage. Godt å skrive litt blogg på nynorsk igjen, forresten.
Blogged with the Flock Browser

Ingen kommentarer: