21 mai 2008

Eg manglar tølt.

Eg var nett ute og sprang ein liten tur rundt Østensjøvatnet. Og som vanleg måtte eg støtt og stadig roe ned tempoet for å liggje i på eit vettugt pulsnivå - skal eg springe, så kan eg ikkje samstundes ha langturpuls, det er berre ikkje mogleg. Anten går eg, og då har eg låg puls, eller så spring eg, og då har eg ikkje låg puls.

Men i går då eg nærma meg heimen slo det meg at problemet ikkje er kondisen, problemet er at eg manglar tølt! De veit, den litt rare gangarten som islandshestar har, og som ligg ein stad mellom skritt og trav. Og det er nett tølt eg manglar - eg har ikkje nokon gangart mellom skritt og trav, eg! Eg veit ikkje om dette kjem til å hjelpe meg noko, men det er godt å vite, likevel.
Blogged with the Flock Browser

Ingen kommentarer: